
I helga lokka Olav oss med på ein impulstur til fjells. Han skulle opp og støype ferdig fundamenter til hytta si, og ville ha selskap på turen.
Pakka sekken iløpet av to minutt, og etter fem var me vel nesten ombord på ferja! Effektivitet …
Eg, Ingve og Olav gikk fra Rød i racer-tempo. Etter drøye halvtimen var båten sjøsatt og motoren igang! Cato kom like etter springande i lange klyv fra Haugsland, han kom ei ferje seinare fra Stavanger og valde ei alternativ rute opp, sidan båten allereie var praia i Ullsvatnet. Kvelden gikk fort unna, grilling, bålsteikte vafler, og eit par brune. Namnam …
Søndagsmorning våkna me til eit løye syn. Midt på veggen var det ein kvinnelig gjest som hadde forsøkt å snika seg inn. Planen var god, men det gjekk ikkje heilt som det skulle. Ho fekk hovudet gjennom, men der stoppa det. Litt for god tilgang på mat denne sommaren tydeligvis.
Turen gikk vidare til Velavatnet for å fiske stor fisk. Ingve fekk hasen på ein snasen, me andre fekk bare småtteri. Sprang så opp til Velastølen for å inspisere framgangen på hyttetomta til Olav. Her blei det etterkvart både folksomt og vått. Me satt i alt ti mann under presenningen og fråtsa i pinnebrød, pizza, pølser, sjokolade og kaffi, mens regnet plaska ned på utsida. Neste gang me kjem oppom rekner me med at hytta er oppe og tett 🙂
Litt bilder fra turen finn du i albumet.
Aftenbladet.no – Mus kvalt i kvisten
Vg.no – Mus kvalt i kvist
Haugesunds Avis – Her blir musa kvalt