I helga trossa med dystre vermeldingar og hissige vergudar, og stakk til fjells. Målet var Turistforeninga si hytte på Melands Grønahei.
Starta fra Kleivaland i shortstemperatur og opphaldsver, men det varte ikkje så lenge! Etter ein times tid åpna slusene, og vinden vart slått på full styrke, type motvind! På med regnkler og fjellduk. Turen opp tok nesten fire timar, i nydelig omgivelsar. Ein relativt lettgått tur utan bratte stigningar. På Melands Grønahei er alt rett og slett grønt, spesiellt terreng, og har du ikkje vert der, så bør du ta deg ein tur!
Las forteljingar om stor fiskelykke (og stor fisk) i hytteboka, men mine forsøk var resultatlause, trur eg fiska i feil vatn..
Me kom fram til ei tom hytta, og hadde heile lordagen og søndagen for oss sjølv, og dette midt i fellesferien. Legg ikkje folk ut på tur utan at sola skin?
Litt bilder fra turen finn du i albumet.
Tracka turen heim med Nokia Sportstracker:
Distanse: 13.7 km, Tid: 3t og 11min, Gjennomsnittfart: 4.3 km/t
Imponert over GPS-følsomheten til telefonen, låg oppi sekken i vanntett pakkpose, men hadde likevel gps-dekning. Thumbs up!