Nov 172009
 

Teltleir to ved Hiimsvatnet
Stakk inn til Sand fredag etter jobb. Olav reiste inn på torsdagen, og fekk dermed i oppgåve å finne første camp, medan det enda var dagslys. Far kjørte oss til Neikjen, og ca kl 2030 var me klare for avgang. Var eigentleg ganske bekmørkt, men klok som han er hadde Olav lagt første camp like ved stien, slik at me fann han ganske så kjapt.

Det var lite knusktørr og sjølvdauda ved oppi høgda, men me fekk nå til slutt lunk i eit lite koseleg camp-bål. Var stjerneklart og fin temperatur på fredagskvelden. Eg var ganske spent på korleis min sovepose merka med 5+ C ville klare seg gjennom natta, når gradestokken kraup mot null allereie før midnatt. Det viste seg å fungere særs fint, og me vakna jammen ikkje før klokka 11:00 på laurdagen. Olav sine formaningar om å utnytte dagslyset gjekk ikkje heilt som planlagt, men man er jo tross alt på fjellet for å samle krefter :)

Continue reading »

May 272009
 

Fant ut at Picasa 3 hadde ein morsom slideshow-funksjon. Dette er bare ein kjapp test for å sjekke om wp-pluginen funker som den skal, derfor er filmen komprimert ein heil del.. Så kvaliteten er ymse.
[video filename=http://hansmagne.com/wp-content/uploads/2009/05/slideshow-vinter0809.flv /]

Dec 232008
 

gullingennostalgiski-11Idag blei eg lei av å sitte inne, og når det var tid for å stenge ned heimekontoret så satte eg snuten mot gode gamle Gullingen Skisenter, det var her me cruisa i barndomen.  Nettsida meldte om ein såle på 20cm i Breiastølsdalen. Skisenteret var sjølvsagt stengt, så måtte ta føtene fatt for å komme til topps. Det var lite snø, og snøen som var der var ei blanding av skare, og gjennomslagsskare. Sikten var av god gammal røldalskvalitet! Heilt nydeligt.

Turen starta ned bestemorløypa, pga lite snø, måtte ein rett og slett droppe inn.. Skummelt ;) Vidare gikk turen til Hauen (med den shcvæære droppen), 80-graderen og skogen. Bare klassikare rett og slett :)

Bilder finn du og i albumet!