Isfisketur til Ullsvatnet
Jan 11, 2010 Jakt, fiske og friluftsliv

Vestlandsvinteren viser seg frå si aller beste side no i byrjinga av 2010. Denne helga var intet unntak. Eg og Ingve kom oss relativt tidleg avgårde frå Stavanger, for å sleppe å gå heile turen i stummande mørke. Greit å komme seg ut av skogen, og inn i ope lende før mørket kjem, iallefall når stien er snødd ned, og ein må brøyte veg opp!
Me rekna me at isen skulle vere meir enn trygg, men sjølvsagt var det litt spenning i å ta dei første stega. Ingve tok fem steg ut, hoppa tre ganger opp og ned, og konkluderte med at «joda, den er nok trygg». Ved nærmare studier så kunne du nok landa ein Boeing på den, for den var tjukketjukk. Herlig å traske utover isen i mørket, høyre knaking og braking i isen når den krymper sammen for natta, sterke krefter i sving.
Me ankom hytta i seks-tida, då var det -17 både ute og inne. Fekk skifta klær, fyrt opp omnifuelen og satt på kaffikjelen i ein fei! Måtte regelrett tørka litt kvist og ved på brennaren før det gjekk an å få fyr inni ovnen. Men fyrbøtaren fekk fyr, og tempen kraup sakte, men sikkert mot null-punktet. Med varm kaffi og frisk Fernet, var det bare hygge og smil å spora! Slik nærare midnatt dukka det opp eit ljos utpå vatnet, ein ting me ikkje hadde venta oss var besøk midt på natta. Men Cato syns det var ein god ide og var eit einaste stort glis når han kom fram. Eg trur hovudgrunnen til den seine ankomsten var at han fekk gå på ferdig brøyta sti, og kom fram til ei god og varm hytta!
Laurdag var det is-garnfiske som sto på programmet! Me var særs optimistiske der me boret hull etter hull i isen, putta garnet nedi og med fikse løysingar (lang bambus, og våt Cato), så fiska me det opp i neste høl! Me såg fram til nysteikt bål-aure utpå dagen. Litt utpå kvisten kom Olav dinglande, han er garantert den første person på Ullsvatnet med alpint skibestigningsutstyr. Litt for lite snø og særdeles dårlig base, gav visstnok begrensa frihet i nedkjøringa.
Kvelden gikk fort med bål, og pizzahygge ute under ein stjerneklar himmel! Fantastisco! Olav jobbar no med å perfeksjonere oppskrifta på villmarkspizzaen sin, slik at han kan imponere og innynde seg hjå ei framtidig hulder!
Søndagsmorgon var det garntrekking og rydding/vasking. Fiske var så som så, null fangst. Pakka saman og labba fornøgde heimover.
- Har lagt ut litt ymse bileter fra turen.
Tags: fiske, happy hunters, is, snø
Rypejakt – Første jakttur i år
Sep 15, 2009 Jakt, fiske og friluftsliv

Rypejakta er igang! Har nå vert eit par dagar på fjellet og sjekka ut rypebestanden.
Me stakk innover torsdag etter jobb, og kom oss godt over halvegs før det blei stummande mørkt og me måtte finne fram lykter. Fredag vakna me til nydelig ver, og var relativt tidlige ute av hytta. Turen startar som alltid med ein god del høgdemeter rett til himmels, herlig start!
Ein liten halvtime etter me kom oppå heia, såg eg og Ingve ei einslig rype som fauk over ein knaus. Me gjekk etter den og høyrde ei fæl kakling, så letta eit stort kull på over 20 ryper, godt og vel 100 meter fra oss, så dessverre ikkje skothald på desse, men ein god start på dagen var det! Samstundes hadde Kjetil allereie blekt av to skot mot to liryper, rypene er framleis lukkeleg uvitande om faren som luska rundt øyrene på dei.
Gjekk innover fjellet, for å sjå om me klarte å finne igjen kullet me skremde opp. Dei hadde flydd langt, så eg satte etterkvart kursen mot den avtalte lunsjplassen. Når eg satte meg ned der og venta, såg eg eit nytt kull på rundt 15, som letta i horisonten, dei hadde kurs rett mot meg. Så eg satt så stille eg kunne og kryssa fingrane, men typisk så drog dei ein fin høgresving i god tid før dei passerte meg. Like etter smalt det borti lia. Ingve brende av litt krutt, men han syns så synd på dei flotte fuglane at han lot kulene passere fint på sida. Såg ikkje meir fugl den dagen. Utpå ettermiddagen satte me kursen ned mot Reskjell igjen. Kjetil slo opp teltet, og blei igjen på heia. Når me kom ned til hytta oppdaga Cato at han hadde glemt litt dyrebar veske i bilen, kom nokre heftige nordnorske gloser, før han langa avgårde, ned til Rød, henta flaska og kom halsande opp igjen etter eit par dryge timar. Alt dette for nokre centiliter Kalinka.
Laurdag våkna me til så tett tåke at det var meste så me ikkje fann utgangsdøra i hytta. Avventa nokre timar, utan at det blei særs lettare. I to-tida slo me på GPSen og tok fatt på høgdemetrane. Kjetil låg verfast i teltet og venta på redningsgruppa som kom, han hadde høyrd fugl på morningen og hatt ein runde i boxeren. Men var ikkje råd å sjå fuglen i tåka. Cato traska innover skoddeheimen med GPS i lommen, det letta utover dagen, men han hadde ikkje sett snurten av fugl.
Søndag var det strålande sol. Kjetil og Cato tok ei morgonøkt på fjellet, medan eg og Ingve rydda, vaska og klargjorde hytta før ein altfor tidlig avgang heimover.
Heller labert resultat denne helga, to store kull som ikkje var greie å få på skothald, pluss dei to lirypene som Kjetil såg. Ingve og Kjetil løsna eit par skot kvar, medan eg og Cato sparer kruttet til fuglane er på skothald!
Tags: fiske, happy hunters, hygge, jakt, reskjell, Rypejakt, ryper, skardsheia, telt
Nye bilder lagt ut
Sep 7, 2009 Jakt, fiske og friluftsliv, Surfing
Siden albumet nå fungerer igjen, så har eg publisert litt bilder fra august og september!
- Rundtur Sandsa-Stranddalen
- Bjartefestival i Ulladalen
- Litt fra Bore
Tags: festival, fiske, fjell, hygge, Natur, Sandsa, Stranddalen, Ulladalen
Festival i Ulladalen
Aug 17, 2009 Generelt
21-23. August blir det Ulladalfestival i regi Bjarte! Fjorårets festiviteter var ifølge ryktene eit særs vellukka arrangement.
Korleis kjem ein seg dit:
» Snakk med Mads (Men ikkje gjer som Mads, då rekk du ikkje fram i tide; les sykkel, kanel og Mosvatnet)
» Kjør bil!Husk:
» God mat og drikke
» Badetøy
Møter du? Gi Bjarte ein lyd, eller skriv ein kommentar, slik at han får oversikten
Reskjell – nesten mus i hus
Aug 3, 2009 Jakt, fiske og friluftsliv
I helga lokka Olav oss med på ein impulstur til fjells. Han skulle opp og støype ferdig fundamenter til hytta si, og ville ha selskap på turen.
Pakka sekken iløpet av to minutt, og etter fem var me vel nesten ombord på ferja! Effektivitet …
Eg, Ingve og Olav gikk fra Rød i racer-tempo. Etter drøye halvtimen var båten sjøsatt og motoren igang! Cato kom like etter springande i lange klyv fra Haugsland, han kom ei ferje seinare fra Stavanger og valde ei alternativ rute opp, sidan båten allereie var praia i Ullsvatnet. Kvelden gikk fort unna, grilling, bålsteikte vafler, og eit par brune. Namnam …
Søndagsmorning våkna me til eit løye syn. Midt på veggen var det ein kvinnelig gjest som hadde forsøkt å snika seg inn. Planen var god, men det gjekk ikkje heilt som det skulle. Ho fekk hovudet gjennom, men der stoppa det. Litt for god tilgang på mat denne sommaren tydeligvis.
Turen gikk vidare til Velavatnet for å fiske stor fisk. Ingve fekk hasen på ein snasen, me andre fekk bare småtteri. Sprang så opp til Velastølen for å inspisere framgangen på hyttetomta til Olav. Her blei det etterkvart både folksomt og vått. Me satt i alt ti mann under presenningen og fråtsa i pinnebrød, pizza, pølser, sjokolade og kaffi, mens regnet plaska ned på utsida. Neste gang me kjem oppom rekner me med at hytta er oppe og tett
Litt bilder fra turen finn du i albumet.
Aftenbladet.no - Mus kvalt i kvisten
Vg.no - Mus kvalt i kvist
Haugesunds Avis – Her blir musa kvalt
Sandsa – Stranddalen
Jul 20, 2009 Jakt, fiske og friluftsliv
Yallaveven inviterer til friluftstur i storslått natur fredag 7.august til søndag 9.august
Planen er som følger:
Fredag: Sandsaosen – Sandsa (2 timer i STF-tid)
Lordag: Sandsa – Napen – Stranddalen (5 timer i STF-tid)
Søndag: Stranddalen – Øvre Moen (2 timer i STF-tid)
Sandsahytta er ubetjent og me mekker mat etc selv. Stranddalen er betjent og serverer fantastiske tre-rettersmiddager.. Her er det også skjenkeløyve! Telt er og ein mulighet, for dei som ønske å bære med seg det! Kan jo forsåvidt vere fare for at det er rimelig mange folk i Stranddalen så telt kan vere ein god ide, iallefall reservere plass for å vere på den sikre sida.
Plenty med gode fiskevatn i området, så husk fiskestang! Medlemskap i Turistforeningen gir fiskerett i dei fleste vatn på turen!
«Stranddalshytta blir av mange kalt “perlen i Ryfylkeheiane”. Hytta ligger fint til ved Stranddalsvatnet i Suldal. De fleste kommer hit for å oppleve den unike naturen og trivelige atmosfæren på hytta. Mens andre kommer opp for å nyte en av de berømte komlemiddagene som blir servert på tirsdag, torsdag og søndag i sommersesongen.
Bestilling
I sesongen kan bestilling av rom eller middag gjøres på telefon: 00870764660130, faks 00870764660131. Merk at dette er en satelittelefon. Det kan hende du ikke når fram i første forsøk hvis satelitten ikke står i rett posisjon. Prøv igjen. Det er ikke mulig å legge igjen beskjed på telefonsvareren.»
- Stavanger Turistforening
Gi lyd på Facebook-event, eller legg igjen ein kommentar her om du vil vere med til fjells!





