Kategorier
Ferie og reiser Sykkel

Giro delle Dolomiti 2018

Seks etapper:

Jaufenpass, Obereggen, Sellaronda, Stelvio, Seiser Alm, Team crono

Kategorier
Sykkel

Lysebotn – Lauvik

Tekniske data: 120 kilometer, 1970 høydemeter, steikande sol, 20+ grader. Turen startar med 27 hårnålssvingar fra 0 moh til 932 moh. Betre kan det ikkje bli.

Her kjem eit slags bildereferat frå turen:

X-trailen lasta og klar

Me lasta Trailen til Joppe med syklar, og satte kursen mot turistferja ved Lauvik. Det var foreslått å sykle dit, men forslaget vart kontant avvist av deler av turlaget.

Turistar

Turen startar med ein to-timars guida ferjetur inn fjorden. Her fekk me sett spennande ting som turistar er særs opptekne av; Preikestolen, Fantahålå, Flørlitrappene, Kjeragbolten, Basehopperar, og sist, men ikkje minst:

DSCN0263

Dei hadde øl på ferja! Frå 7 Fjell til og med.

20160723_203935png

Turen startar med 27 hårnålssvingar opp frå Lysebotn, her er Frode i godt driv i ein av dei.

DSCN0292

På toppen av fjellet tok utbrytargruppa ein pause for å vente på hovedfeltet. Fekk litt friskt fjellvatn.

DSCN0294

Studerte litt lokal flora.

DSCN0296

Og tok seg ein kvil.

DSCN0303

Feltet vart samla, og me satte kurs mot litt snacks på GP-en.

DSCN0301

Kjetil hadde veldig lyst på skulebolla og satte inn eit rykk.

DSCN0317

Nomnom…

DSCN0334

Solobruddet mot fylkesspurten i Hunnedalen gikk inn, og Kjetil og Frode måtte spurte om andre- og tredjeplassen. Begge særs fornøyd med pallplass! Etter dette intense spurt-oppgjeret vart det kaffi, lapp med rømme- og syltetøy på Byrkjedalstunet. God bensin for siste innspurt mot Lauvik, og over Seldalsheia.

DSCN0335

Frode gjekk på ein teknisk smell like etter Byrkjedal, og måtte ta dei siste klatringane med 39-19 utveksling. Godt han hadde fulle rømmelager.

Alt i alt særs bra tur, meget bra klaff med vær og vind. Sjølv om den vinden som var, sto rett i mot ned heile Hunnedalen.

20160723_221042

«Rule #7//Tan lines should be cultivated and kept razor sharp.»

Frå Strava:

Frå relive.cc:

relivecc

Takk for turen!

Kategorier
Sykkel

Juvasshytta

Ein heftig bakke! 13,1 km, 1300 høgdemeter, fra 552 moh til 1852 moh. Altså 10% i snitt. Eg leita etter lettare gir opptil fleire ganger. 36-28 var i overkant tungt for å dra min svære kropp opp der.

Det ser kanskje ikkje så bratt ut på bilde? Men kan love deg at 10% i 13km er seigt.

Bilderapport frå turen:

Fra Strava:

juvasshytta

Kategorier
Sykkel

Hyttå – Sjoa – Otta – Vågåmo – Hyttå

Strålande tur i fint og variert terreng. Starter med noen raske mil nedover mot Sjoa (via Heidal) før det flater ut og ein avsluttar med 10% stigning opp mot Lemonsjøen.

IMG_20160712_212046

Photo0175 (1)

Fra Strava

Kategorier
Sykkel

Bakeren i Lom og Brimiland

Fin tur med aldeles nydelege boller hjå Bakeriet i Lom. Fredeleg og fint langs Solsidevegen. Stupte ned fra Lemonsjøen til Vågåvatnet, her er det 10% og fin asfalt, dermed viser speedometeret fort over 80 km/t! Så er det fredeleg og fint langs solsidevegen, med eit grusparti på nokre kilometer (ca midt på vatnet). Deretter boller og kaffi hjå bakaren, før baksida ned att.

 

Frå Strava

Screenshot_2016-07-11-23-47-53-1