Her er ein liten filmsnutt fra Stryn. Kameraet låg for det meste i sekken, men her er litt av det som havna på minnebrikka:
Siden leiligheten er solgt, var det på tide og investere i eit større telt. Etter særs gode anbefalingar frå Svandals store sønn, så falt valget på Hilleberg Nallo 3 GT. Etter å ha testa to netter, er eg så langt strålande fornøgd. Lett, særdeles romslig, gjennomtenkte løysingar og solid.
Den første testen var på plenen heime, men for og få ein litt betre test, pakka eg sekken og satte snuten mot Koldalstjødn.
Me fann ut at me ville klatre litt i helga. Og kva er vel betre enn å kombinere det med telt, fisking og bading? Etter å ha lest litt på nettet, så ramle eg over informasjon om at Suldal Klyvarlag har bolta ruter i Gamlaskar! Då var jo valget enkelt, og me satte kursen heimover mot Sand!
Gjekk på generaltabben og ikkje sjå på ferjerutene, dermed kom me tre minutt for seint til Hjelmeland, og måtte slå i hel ein time og femten minutt der. Veit ikkje om kaffipausen på Statoil Tau var vert den ventetida. Blei litt skumringsvandring oppover, og ca 0130 var me på plass ved vatnet.
Freista fiskelukka på lordagsformiddagen, fekk på land ein fin (liten) pannefisk. Den beit på «Jungle Cock», for dei som er interesserte i slikt! Satte så kursen mot Stølsveggen, som låg like bak hytta. Fantastisk plass å bolte klatreruter. Lordagskvelden var det tid for fisking igjen og det regelrett kokte på vatnet, fisken beit støtt og stadig. Den hogg til omtrent før sluken landa til tider! Moro! Men dog mykje småtteri som beit.
Søndagen gikk me inn til klatrefelt tre, Mjølkesteinveggen. Planen var Sartreveggen, men den gikk me rett forbi. Der kan me leike oss neste gang, for det blir garantert ein tur til opp dit.
Nydelig tur!
18 – 22. Juni tok me turen til Sysendalen i vakre Hardanger. Strålande helg, med god fiskelukke for nokon. Det blei vel bevist at fisking ikkje kun er flaks, men ein liten smule erfaring, pasjon og ikkje minst tålmodighet.
Solskinnsfiskarane i Happy Hunters traff ikkje heilt med bete, me fiska på dagtid, og sov på nattestid, medan dei meir rutinerte og dedikerte fiskarane i Kjekk Tur snudde døgnet og fiska nattestid. Ingen tvil om at nattfiske var det som gav resultater! Dei drog i land nokre flotte ruggar medan me sov søtt! Blei fem eller seks stykk mellom 750 og 1000g. Fin fisk. Happy Hunters drog og i land fleire fisk, sju eller åtte i talet. Snittvekta var ganske mange hundre gram mindre enn Kjekk Tur, men så er me tross alt mange år yngre og
Konklusjon: Fisk stor aure om natta. Fisk steikepanneklaraure på dagtid!
Konklusjon 2: Ikkje fisk med sluk i den elvå!
Hemmelighet 1: Me har lært oss eit par superdupertriks som garantere (stor) fisk på neste tur!!
Etter å ha gravd djupt i lokale fiskeskrøner, har me komme fram til eit vatn som skulle vere verdt eit besøk. Ifølge skrønene skal ein kunne få særs stor og flott aure her. Eg og Olav var ikkje vanskelige å be, pakka telt og fiskestang og satte kursen innover mot vakre Suldalsheiar! Starta dårlig for min del når eg fann ut at eg hadde gløymd feinschmekker snella mi, og måtte ta til takke med Olav si reservesnelle fra «atten hest og kjerre»!
Vatnet me hadde sikla på var delvis dekka av snø og is langs land, og ein 20-30 meter ut. Likevel var det fleire stader mogleg å fiske. Napp derimot var det lite av, hadde eit napp iløpet av fredagskvelden, og det var nok svære saker, det er alltid dei største ein ikkje får på land. Vaka litt, men altså ingen fangst. Kalenderen viser juni, og sommaren skal vere på plass, men det var antydning til frost nattestid. Likevel sov eg varmt og godt i min lettvektarpose Marmot Atom med temperaturgrense på 5c, amerikanerane er tydeligvis nokre frostmakkar. Olav derimot med norsk temperaturskala på 5c (ekstrem) måtte opp og fyre igang primusen iløpet av natta.
Det hadde frøse på ei tynn hinne med is på natta, så formiddagen nytta me til å flytte camp til andre sida av vatnet, samt ein liten topptur. Det var like dårlig fiskeresultat på lordagen, fekk på land ein liten pilt som ikkje eingang var verdt å steike. Den fekk leve vidare, og er nok god matfisk om eit par år! Overraskande lite liv, såg ikkje snurten av aktivitet i vatna heile lordagen.
Søndagen var lik, ikkje liv å sjå i nokon av vatna me passerte på vegen heim. Men likevel ein nyyydelig tur med fantastisk ver og flott natur. Sitat Olav: «Her hadde til og med solskinnsteltar Kjetil likt seg».
Me kjem tilbake til dette området seinare i sommar. For det ER stor fisk uti der einplass! Og i løpet av sommaren skal eg bikke kilosgrensa i fjellheimen, bank i bordet og tenna i tapeten!



