Snønuten Open 2013

Det er snart duka for vårens vakraste eventyr! Me snakkar om svette, sure lår, varme bær, vandrepokal, glad-laks og fest!

Snønuten Open går som vanleg av stabelen påskeafta, som i år er lørdag 30. mars.

Mads beste bleikansikt
Mads beste bleikansikt

Sjølvaste SNO-generalen er i Afghanistan på høgdetrening og prikkar inn storformen fram mot påskeafta. Han har allereie kjempa mot forventningspress og melkesyre i «Afghan Open», der han blei beste bleikansikt med ein respektabel femteplass, det var nok til å få hilse på guvernør og politisjef, samt intervju på levande Afghansk fjernsyn.

Det er ingen tvil om at dette er året der generalen sjølv må takle det høgaste forventningspresset! Og som han sjølv har uttala:

«SNO kjem til å bli arrangert kvart år! I alle fall fram til eg har fått eit napp i pokalen! Og eg føler 2013 er mitt år!».

Medan me ventar på opplysningar frå guten på treningsleir, så kan me begynne å få eit overblikk over kven som stiller i år! Legg igjen ein kommentar på denne bloggposten om du er klar! Alle tidligere deltakarar er sjølvsagt inviterte i år og!

Så, er du klar for kampen om pokalen?

Då spørs det om sørlendingen som drog i land pokalen i fjor har huska å gravere den, og klarer å frakte den til fagre Suldal i tide til banketten!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *