Det byrjar nærme seg slutten av jakta i år. Det er mange dyr igjen på kvota, så me var ein tur å såg i helga.
Eg starta dagen med å postere på ein relativt oversiktlig post! God sikt i fleire retningar, og hjortestiar som passerer like ved. Det snødde tett fra morgenen av, men letta litt etterkvart.

Vart sittande snaut to timar her, då begynte det å bli kjølig. Like ved posten her er det ein stor og fin hidler under ein kjempestein, kunne tatt med soveposen og ligget tørt og fint! Kanskje eit romjulsprosjekt?
Verken bikkjer eller folk hadde sett snurten av dyr. Me rusla heimover, fekk litt mat i skrotten og gjorde klart for ompostering.

Ein liten spasertur oppi lia ikkje langt fra huset heime var min andre post for dagen. Her er det også eindel stiar, men det var ingen ferske spor i dei. Planen var at det skulle komme nokre rådyr til min post, og hjort til to postar som satt høgare oppe. Men neida, bikkjene fekk ikkje snusen i noko som helst i dette drevet heller.
Ein dag utan å verken sjå dyr eller spor etter dei. Men eg er ikkje rådlaus! Eg skulle felle noko denne dagen, og det klarte eg! Bare sjå:

Det er blitt ein liten tradisjon med terassejuletre i Stavanger, og det må sjølvsagt hentast i «eigen» skog.

Då er det snart jul og ikkje så mange helger igjen før jakta er over.