Sandsa – Stranddalen i fantastisk ver!

Tradisjon tru, tok me årets fjellcharter i vakre Suldalsfjell. Ein liten rundtur med utgangspunkt og målgang i Sandsaosane.

Fredag

Me starta fra Sandsaosane rundt 20:00 i lettskya ver, etter ein time og halvanna så var me på plass ved den store Sandsahytta. Her var det ikkje så mykje folk. Ein vertskapsfamilie, samt fem til. Olav var venta i løpet av kvelden/natta. Planen var at me skulle låne båten, og hente han på andre sida. Men tett tåke og lite mobildekning førte til at eg og Ingve tok ein rundtur på vatnet når me såg nokre lys i enden. Men me fann aldri Olav, og han måtte derfor ta beina fatt og gå i mørket langs vatnet. Rundt 0130 var han trygt stasjonert på hytta.

Lordag

Våkna til eit fantastisk ver. Nysteikt brød, kaffi og sløving på terassen, før me satte kursen straka vegen mot himmels. Fulgte Valåna opp til fjells, og runda Snønuten ned mot Svinstølen. Hadde ein lengre bade-, fiske og lunsjstopp ved Litletjørn (like ved Svinstølsvatnet). Labba vidare via Fagerstøl. I Stranddalen hadde me reservert lavvoen, og me kom fram dit i sekstida på ettermiddagen. Glad me hadde lavvoen, for det var folksomt i Stranddalen. Etter eit herlig avkjølande bad var det klart for turens høgdepunkt. Tre-retters middag, vin og øl. Fekk servert ein fantastisk middag; spekespyd, svinekam og dronning maud. Farlig med «et så mykje du vil» etter ein dags vandring. Etter middagen var det bare å nyte solnedgangen i hytteveggen. Og når sola gikk ned på Stranddalshytta, gikk me opp på nabostølen, og fekk nyte litt til før sola forsvann bak fjella.

Søndag

Atter ein dag med knall blå himmel, blir ikkje betre. Me tok ein rolig formiddag, med lang frokost, kake og kaffi før me begynte å tenke på å labbe vidare i ett-tida. Dette i motsetning til dei aller fleste andre der oppe. Før klokka 10 var det folketomt, folk stressa rundt som høner og hadde det så travelt med å komme seg avgårde til byens tjas og mas at ein nesten blei stressa av å sjå på. Dette var ein av dei finaste dagane til nå i år, og alt dei tenker på er å komme seg ned til bilane før klokka har blitt 12.

Me gikk «Napen-ruta» tilbake til bilane, første fiskestopp i Øystastranddalen. Her er fisken bitevillig og innimellom er den feit og fin. Guttane fiska, og Mari las bok i lyngen. Idyll. Etter ein lengre fiskestopp gikk me vidare, passerte Napen i fine klyv, og tok lunsjen ved Lånene. Fantastisk utsikt og ein særs fin plass for kaffi og skjeva. Nedover lia var det mykje molter, og me stappa i oss dei som var blitt modne. Vel nede ved bilane i seks-tida. Avslutta turen med eit forfriskande bad i Sandsavatnet. Reine, fine og fornøyde kjørte med dei 10 mila attende til byens kjas og mas.

Middagen i Stranddalen var atter ein gang turens høgdepunkt!

Takk for turen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *