Generalens skriblerier om Snønuten Open 2011

Dagane vert lysare, sevja stig, Brann leiar serien og landets partsvensker trekk ut frå bananfabrikkane til uteserveringane i landets større byar. Alle sikre vårteikn seier du – jepp, men et endå sikrare er vinterens mest krevjande uvyrdslalom – Snønuten Open!

Tradisjonen tru er det tid for rennleiarens vurdering av rennet og årets deltakarar, som vanleg på eit nynorsk som ville fått Ivar Åsen til å kvela seg sjølv med ein langeleikstreng.

Sist gong det var tilsvarande snømengder i dei lågare områda av Suldalsheiena som i år, var Drillo landslagstrenar, Sigbjørn Johnsen finansminister og det hadde nett vore avholdt eit lite skimeisterskap på austlandet ein stad. Det kan kjennas fjernt – og det er det og, 1994 var året og eg hadde akkurat avslutta ei veke på leirskule på Gullingen. Kor mykje snø som ligg på Mostøl og Snønuten er eg ikkje 100% sikker på – men truleg meir en nok for å avholda renn på tross av ein rekordsein påske. Sjansane for godt ver er og større i år når me skriv slutten av april, og forhåpentlegvis kjem me oss til topps i år for første gong på nokre sesonger. Om me skal ha intervall start eller Kinesisk utfor har vorte eit debattert tema, men sidan Hans Magne ikkje har evna og få til ein spørjeundersøking som fungerer på nettstaden sin, er dette eit foreløpig opent spørsmål (* red anm. Dette er reinspikka brukarfeil frå rennsjefen, pollen ligg i høgre-kolonna og viser foreløpig solid leiing til intervall-start). Rennleiaren heller imdlertid mot intervallstart også i år.

Kven skal ein så setja dalerane sine på i denne 9 utgåva av rennet vårt? Olav Ø er kanskje min største favoritt. Etter fleire månader med pukkelpist og issvullar i pudderparadiset Dengelberg er nok han den med flest skidager i beina, og det beste utgangspunktet. Steinar er SNOs mestvinnande og alltid i favorittsjiktet, men kanskje blir dette året hans fyrste nederlag? Yalla er som vanleg ein outsider, men med ein stabilitet som Lars Berger er det ikkje godt å sei om det blir første eller siste plass. Kjetil H kan me nok avskriva ettersom han nok nærmar seg ein langt fremskreden psykose etter å ikkje ha sove sidan 1 juledag. På jentesida er nok Mari ein klar favoritt, men Synnøve kan og overraska i år. Ryktene seier at Synni faktisk har flytta til Nesflaten for å forberede seg til rennet i nærområda, og er observert i heftige klyv oppover Bråtveitsheiane. Elles er det vanskeleg å spå i år – lite informasjon tilgjengeleg om andre deltakarar, men kanskje dukkar det opp ein svart hest frå aust eller vest? Spanande vert det uansett!

Langfredag brakar det laus med nummertrekking og utpsyking kl 2000 på Mo Slaskegard, og avreise som vanleg frå Suldalsosen kl 0900 på laurdag. Banketten er som vanleg på Mo, og dei som har lyst å være med på dette og som ikkje skal stå på ski må leggja igjen ein beskjed under her, slik at Bjørn får skutt nok villsau.
Då er det bare og ynskja velkommen til vinterens vakraste eventyr – ta med ein venn og møt opp!

//Rennsjefen

18 thoughts on “Generalens skriblerier om Snønuten Open 2011

  1. Eg må reservera ein villsau til banketten! Og eg går for siger i rennet! Ustabiliteten er bare ein taktikk, i år blir det ingen omveier på vei ned!

    Korleis vurderer rennsjefen eigne sjansar? Med nye comfy «rando-boots» sparar du mykje krefter på oppturen og kjem til å snuse på topplassering tenkjer eg!

  2. Takker Generalen for tilliten. Det viktigste er uansett å få den pokalen til eit sauefjos i Suldal og vekk frå grishuset i Vikedal. Eg vil gjere mitt beste.

    Eg sett lågast odds på Yalla, høyrer han har simulert ruta på google earth den siste månaden. Generalen er farligare enn nokon gong, redd han gjer ein taktisk vurdering av alle andre for å sleppe presset sjølv. Steinar sjølvklart. Kjetil H. vil eg ikkje avskrive, alltid sterk året rundt. Jokeren blir Hr. Ringnes om han stiller.

    Me snakkast uansett til RFJ.

  3. Eg føler BabyRace Bjørke er urettferdig utelatt fra favorittlista.
    Han har i løpet av året gjort fleire forbetringer både i skiutstyr og treningsplan for å ta steget heilt opp til topps:
    Guten har blant anna:
    Budd 6 mnd på Sand for å følge med lokale værvariasjoner og innhenta ytterligare lokalkunnskap.
    Reist over dammen for å finpusse skiteknikken i champangepudder
    Festa hælen! (Nokon meinar at dette skjedde for fleire år sidan, men det er ein annan diskusjon)
    Og sist ,men ikkje minst, han går nå langfjella på langs (!) for å få mest mulig tilpasning og kunnskap om det årets norske snøvinter.
    Min favoritt er uten tvil: Babyrace Bjørke!

  4. Er vel heller ikkje å stikke under pizzaen at unge Svandal er en av de klareste favorittene. Tror vi blir nødt til å holde litt mer kontroll på han på veien opp i år – i fjor gikk han helt bakerst, tok av fellene sånn 200 meter opp i skogen og kjørte målhenget for å finne optimalt spor, mens me andre var på vei oppover.. Denslags perfeksjonisme kjennetegner mange gode prestasjoner.

  5. Herr General:
    Du kan ta det heilt med ro i forhold til frykta for at pokalen nok ein gang vil ta turen inn fjorden (iallefall i min bagasje). Min frie og bekymringslause studenttilværesel er over og denne påsken må eg som fersk arbeidstakar med minimal ansinnitet bruke påsken på å behande ømme nakkar og stive skuldre.
    Det er med tungt hjarta eg må takke nei til å forsvare industribygdas ære i Vårens Vakraste Eventyr.
    Men, som verdas sterkaste politikter (bokstavelig talt) har sagt før meg:
    I`ll be back!

  6. Kjetil/Yalla: Eg trur dåkken kan slutta å snakka om suldølen i fleirtal, smørjespesialisten mini-Moe la vel opp etter at han gjekk i bekkjen med dunder og brak, så det er vel berre meg att frå den venaste grenda i kommunen. Underteikna går for den klassiske glideren «sop-i-hop frå i fjor», og det pleier vera akkurat tilstrekkelig til å slå Bjørke-brødrene. Når det gjeld mitt vinnartips håpar eg det blir Yalla, si han er den som er fødd og oppvaksen nærast Suldalsosen.

  7. Det er sant det Aslak. Er ikkje mange igjen fra Suldal samenlikna med 8 år sidan. Eg undras om det skuldas dårleg informasjon frå rennleiar og sekretæriat? Dårleg verdsvev tilkopling? Eller kanskje rett og slett ei bygd med ungdom i forfall? I så fall burde kommunen senda ei oppmoing til Helse og Sosialdepartementet om stønad til lågterskeltilbod for å få ungdom på Suldalsosen i betre form. Ein kan jo vitterleg ikkje sitja å sjå på at eit heilt kull unge vaksne rotnar på rot. Neste års 10 års jubileum for SNO bør jo væra eit naturleg mål for teltakarar på eit slikt prosjekt? (Når det gjeld Mini-Moe er det vel heller post-traumatisk stress som er årsaken til manglande oppmøte. Trur du som er i famile med denne nervebunten burde bitta han fast til ein pulk og dra han opp – eksponeringsterapi er bra for å bli kvitt sine forbiar har eg høyrt..)

  8. Eg trur nok ikkje manglande oppmøte frå Suldal skuldast informasjonssvikt, me bytte jo ut vardebrenninga med internett heilt tilbake i 2007. Det er nok meir snakk om ein heil generasjon som har gått i råt. Uansett trist og sjå sandbuen sin dominans over rektige suldøler, sandbuen er jo trass alt eit folkeslag som ifølge eldre suldøler kun e brukandes til å hogga brakje og eta graut. Men trass alt positivt at dåkken handlar SNO-pilsen på Osen, det set me pris på!

  9. Etter eit langt og hardt treningsopplegg med oppfeiting i Karibien, trening av lårmuskler på andre sida av dammen og eit lengre opphold i norsk fjellheim har alt nå falt i fisk! Grunna litt for tung pulk, og for små rasjoner er eg nå så lett at eg kjem til å blåse baklengs inn i Dyraheio! Men eit forsøk må ein vel gjere likevel!

  10. Suldølen er ikkje utdøydd… Men ligg derimot i hardtrening i alpine Sogndal, dessverre kjem SNO11 litt for tidleg i år. Kan og skuldast at 2 veker på Lanzarote før påske gjorde sitt med (ski)formen 🙂

  11. Lasarus stiller også. Med nypreppa ski, allsidig trening (1000talls sykkelmil i lårene) og bergensk ståpåvilje blir han å regne med i år også.

  12. Ach, du schöne Fraulein Helga! Det er ikkje heilt urett at eg har utvikla eit snev av PTSD. Men etter at eg 17.desember -10 offisielt var på opptak til den medisinske støttegruppa under leiing av Dr.Bakka-Lobekk, er det faktisk andre grunnar til at eg er forhindre frå å komme i år. Den generelle helsetilstanden i nordlegare strok (dvs Sogn og Fjordane), gjer at eg må følge min lege-ed og virke for å lindre/trøste dei sjuke i trivselsfylkjet. Skal ærleg innrømma at det uansett hadde vore turen opp eg hadde hatt størst sjans te å vinna, etter at det totale antal dagar på plank i 2011 er heile 7 (6 av desse i Chamonix i starten av februar…), medan dagar med joggepinnar er 20+.
    Når det gjeld Baby-F/Race Bjørke, så er eg einig med hans eigne vurderingar. Såg han seinast rett før ekspedisjon Sørnorge på kryss og tvers, og allereie då var han tynn som ei spekeflis. Han manglar rett og slett aerodynamikken for å toppe SNO, men det står ikkje på skiferdigheitene eller lysten!
    Eg held, som alltid, mitt kjære sysjenbådn Aslaug Constanze Moe som den heitaste favoritten. Han har rutine, pondus, familiær tilgang til glid-produkt i tusenkronersklassen og ikkje minst det rette blodet som skal til for å nappa denna løken/»pokalen» heim te eit «sauafjos i Suldal».
    God tur, folkens! Koz og klemz

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *