Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Årets jakttur på Suldal Statsalmenning

Jakt Suldal Statsalmenning

Suldal statsalmenning er eit svært jakt-terreng, der kven som helst kan kjøpe kort for ein billig penge. Me har vert fast inventar under åpningshelga (1. oktober) dei to siste åra, og i år var intet unntak. Det ligg fleire tilgjengelege hytter i området, men det pleier var folksomt, så me bestemte oss for å telte i litt meir utilgjengeleg terreng, der dei bedagelige sofajegrane ikkje orkar gå.

Me drog inn til Oddatjørnsdammen torsdagkveld, og slo teltleir ved foten av dammen. Det blåste allerede ganske friskt, så me fann ut at det var greiast og ta første camp der, sidan det var meste midnatt før me var på plass.

Våkna til forholdsvis greit ver fredag, og etter ein sjekk av værmeldingar og ymse diskusjonar, med fjorårets 40cm snø friskt i minne, satte me igjen ein av bilane ved Oddatjørn og tok to firhjulstrekkarar med oss inn til Skreivass. Det var godt over 20 bilar på plass ved Skreivassdammen når me kom oss inn, så fryktelig mange ville ha med seg åpningshelga i år! Ryktene om lemenår og mykje fugl hadde altså lokka fleire enn oss.

Turen inn til vår planlagde teltplass gikk stort sett langs stien, og me såg ikkje så mykje fugl, forutan ein svær flokk på ~50 fugl på eit par hundre meters hold like ved dammen. Kjetil fekk dog lurt ei høna på veg inn, men ellers tru eg ikkje det vart løsna skot.

Me passerte Krossvatn-hytta, og der var det allereie folksomt (10-12 mann), så me var glad for at me hadde telta på ryggen. Gikk vidare inn mot den planlagde campen i Leirdalen. Vinden hadde tatt seg rimelig godt opp, men det var fortsatt opphaldsvær og godt humør! Traff på ein jeger, som hadde sett fleire fugl, men det var store flokkar og vrient og komme på skothald. Det krydde av lemen over alt kvar ein gjekk, og dei små tøffingane gikk til angrep rett som det var! Vel inne i Leirdalen, fann me ein fin teltplass med relativt bra ly for vinden, ikkje alltid like lett når det blåse nordavind fra alle kanter 😉 Når alle telta var godt bardunert og middagen fortært byrja det å kvelda, me rakk eit lite sveip før me vende tilbake til telt og kveldshygge. Været tok seg opp ganske godt, og det røska og sleit ganske heftig i teltet. Men det sto godt, og med primusen til å halde varmen, var det rett og slett koseleg!

Lørdagen våkna me til eit skikkelig ruskevèr, med snø, regn og heftig vind. Soveposen var fryktelig god, og frokosten drøyde noko lengre enn normalt pga vèret. Men me kom oss ut til slutt, for å ha mulighet til å jakte mot vinden burde ein hatt googles, var såpass snøføyka at det var mest umogleg å jakte i høgden! Men me traska rundt heile dagen, såg noko fugl, men fekk dei ikkje på skothald. Etter ei strabasiøs elvekryssing kom me over i fint terreng. Knut knerta ei rypa like etter vadinga, og stemninga vart straks lettare! Me satte snuten mot dei kvite toppane på Grønafjellet, for å sjå om det var meir fugl der, rett til himmels nokre hundre høgdemeter og snøen låg på bakken. Såg eit kull med eingang eg kom opp, såg kor dei satte seg, og prøvde å snike meg innpå. Ikkje sjans, dei hadde tydeligvis full kontroll på meg 🙂 Ingve klarte å treffe blink oppå snaufjellet, vel fortjent etter maaaange timars vandring, fekk ikkje me meg jubelscenene hans, me det er noko som nok absolutt burde vert dokumenter på film!

Vel attende i teltleiren, kunne me slå fast at fangsten hadde vert relativt dårlig, fire ryper på sju mann. Men vèret tatt i betraktning, så var det ganske greitt likevel. Blei ein lang kveld i teltet, men når man har eit Hilleberg Nallo 3GT til disposisjon, med jamn primusfyring, så vart det ganske så sosialt og varmt likevel!

Søndagen jakta me oss heimover mot bilane, men det vart mest køgåing, veldig mange som skulle heim samme vegen. Mange jegrar hadde sett mykje fugl, men få hadde fått fugl. Det var rapportert om flokkar på over 100 fugl. Og når det er så store flokkar skal det godt gjerast og snike seg innpå dei! Men det betyr iallefall godt med stamfugl til neste år!

Flotters helg! Eg, Cato og Anders var dei som kom tomhendte heim. Kjetil, Ingve og Knut fekk ei kvar, Olav fekk to (dei første ever, og er herved utmeldt av Indre Ryfylke Rypevernforening). Me har iallefall klart å dekke opp behovet til årets julebord, sidan eg og Cato har fått rype tidligare i år 🙂

Har fått litt bilder av Olav 🙂 Dei finn du i albumet!

6 svar til “Årets jakttur på Suldal Statsalmenning”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *