Endelig igang med årets jakt! Me testa ut nytt terreng, og det er alltid spennande. Då veit ein ikkje kvar fuglane pleier å gøyme seg 🙂
Eg og Kjetil pakka sekkar, telt og sovepose og reiste oppover mot Røldal torsdagskveld. Tok ei natt i leiligheten til Kjetil før me satte snuten mot fjellet. Fann ein fin teltplass, rigga heimen, la ifrå oss dei tunge sekkane og traska inn i tåkeheimen! Etter ca tre kvarter såg eg den fyrste rypa, ei einsleg frøken som klaska i bakken – fulltreffar. Etter dette var det dødt ganske lenge, når me kom opp i snøbeltet, såg me 4-5 på ein 100 meters hold. Fann aldri desse att. Gjekk ein tur innom Sandvatn, for å sjå korleis hytta der såg ut. Fin plass, men nedtappa vatn er aldri eit vakkert syn. Såg ikkje meir fugl denne dagen. Blei eit hekkans vær, så resten av kvelden vart innandørs i teltet. Det var nokre heftige vindkast iløpet av kvelden/natta, så måtte ut og etterstramme barduner. Teltet sto støtt natta gjennom, første skikkelige test av det nye teltet i ruskevær 🙂
Lordagsmorning var det opp og hoppe, sjølv om det ikkje frista så voldsomt og krype ut av posen når regnet piskar på teltduken, men ut måtte me! Såg igjen eit lite kull på fire stykk, dei var ikkje på skothald, og fann dei ikkje igjen. Me såg ein hare medan me hadde ein liten pause, og prøvde å lure den til å springe i ring, slik som dei pleier, men den dukka ikkje opp der den skulle. Kjetil fekk likevel has på det me reknar med er same haren seinare på dagen! Cato kom opp midt på dagen, og hadde ein tur med hagla utan og sjå særs med fugl.
Me såg ein hare til på veg attende til bilane, men då hadde me hagla på akslene – typisk 😉 Alt i alt ein flotters tur, men lite fugl i Røldalsfjella, satsar på meir liv i Suldalsheiane i helgene framover!
3 svar til “Årets første jakttur”
Hørtes ut som ein fin fin tur, skal på hustveit såtå i helgå. Men der skal det være sol heile helgå og ikkje regn 😛
Høres bra ut! Me skal sjekke ut nye Velastøl og Reskjellhytta 🙂
Yeah!! 🙂