Ulladalen – Orraheia – Fagerdal

16-18. Juli var Happy Hunters (med gjester og aspirantar) på tur igjen! Me utforska nye flotte og bratte områder.

Me starta innerst i Ulladalen, gjekk opp til Annandalsvatnet og hadde første camp der. Atter eingong er det slått fast at det enklaste ofte er å følgje stien, men siden det enkle ofte er ganske kjedeleg, så gjekk/klatra me på frihand. Til slutt fann me ein nydeleg camp i vasskanten.

Vakna til eit fantastisk ver på lordagen, og etter å ha utforska hoppe- og bademulighetene sette me kursen mot Orraheia. Me sikta oss inn på ei snøfonn oppi bakken, og satte kursen mot høgaste punktet! Etter å ha svinsa rundt litt, for å få med oss mest mogleg av severdighetene oppå der (les Geitajuvet og Førrejuvet), satte me kursen mot Fagerdal. Namnet gjorde ikkje skam på dalen, den var særdeles fager, ein av dei grønaste og frodigaste eg har sett på lengre tid. Nokre høgspentlinjer øydela dog deler av idyllen. Når teltleiren var rigga (for dei fleste av oss) så åpna slusene seg, og det regna i strie straumar! Derfor blei det ein særdeles hyggeleg innekveld, med mykje lått og løye.

Søndagen satte me kursen mot Ulladalen igjen. Ein strålande tur i eit flott terreng.

Kartutsnitt (fra ut.no/kart)
Bilder fra turen

4 thoughts on “Ulladalen – Orraheia – Fagerdal

  1. Fagerdal, ja – der har an far svetta møje i jaktå på sauene sine. Har merkelig nok ikkje nevnt kor fager dalen e, men d e vel forståelig.

    Fin blogg du har – ser me e i trygge hender i helgå 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *