18 – 22. Juni tok me turen til Sysendalen i vakre Hardanger. Strålande helg, med god fiskelukke for nokon. Det blei vel bevist at fisking ikkje kun er flaks, men ein liten smule erfaring, pasjon og ikkje minst tålmodighet.
Solskinnsfiskarane i Happy Hunters traff ikkje heilt med bete, me fiska på dagtid, og sov på nattestid, medan dei meir rutinerte og dedikerte fiskarane i Kjekk Tur snudde døgnet og fiska nattestid. Ingen tvil om at nattfiske var det som gav resultater! Dei drog i land nokre flotte ruggar medan me sov søtt! Blei fem eller seks stykk mellom 750 og 1000g. Fin fisk. Happy Hunters drog og i land fleire fisk, sju eller åtte i talet. Snittvekta var ganske mange hundre gram mindre enn Kjekk Tur, men så er me tross alt mange år yngre og 🙂
Konklusjon: Fisk stor aure om natta. Fisk steikepanneklaraure på dagtid!
Konklusjon 2: Ikkje fisk med sluk i den elvå!
Hemmelighet 1: Me har lært oss eit par superdupertriks som garantere (stor) fisk på neste tur!!
Såg ut som Majet bra tur!
Kjenne eg sakne vestlandet litt her eg sitte og ser ut av vinduet på 5 grader og regn i frisk bris…
Ja denna turen, må me ha igjen til neste år. Får håpa,triksa funke på neste turen dåkkars.