Kategorier
Camping Jakt, fiske og friluftsliv

Fisketur i Suldalsheiane

Etter å ha gravd djupt i lokale fiskeskrøner, har me komme fram til eit vatn som skulle vere verdt eit besøk. Ifølge skrønene skal ein kunne få særs stor og flott aure her. Eg og Olav var ikkje vanskelige å be, pakka telt og fiskestang og satte kursen innover mot vakre Suldalsheiar! Starta dårlig for min del når eg fann ut at eg hadde gløymd feinschmekker snella mi, og måtte ta til takke med Olav si reservesnelle fra «atten hest og kjerre»!

Vatnet me hadde sikla på var delvis dekka av snø og is langs land, og ein 20-30 meter ut. Likevel var det fleire stader mogleg å fiske. Napp derimot var det lite av, hadde eit napp iløpet av fredagskvelden, og det var nok svære saker, det er alltid dei største ein ikkje får på land. Vaka litt, men altså ingen fangst. Kalenderen viser juni, og sommaren skal vere på plass, men det var antydning til frost nattestid. Likevel sov eg varmt og godt i min lettvektarpose Marmot Atom med temperaturgrense på 5c, amerikanerane er tydeligvis nokre frostmakkar. Olav derimot med norsk temperaturskala på 5c (ekstrem) måtte opp og fyre igang primusen iløpet av natta.

Det hadde frøse på ei tynn hinne med is på natta, så formiddagen nytta me til å flytte camp til andre sida av vatnet, samt ein liten topptur. Det var like dårlig fiskeresultat på lordagen, fekk på land ein liten pilt som ikkje eingang var verdt å steike. Den fekk leve vidare, og er nok god matfisk om eit par år! Overraskande lite liv, såg ikkje snurten av aktivitet i vatna heile lordagen.

Søndagen var lik, ikkje liv å sjå i nokon av vatna me passerte på vegen heim. Men likevel ein nyyydelig tur med fantastisk ver og flott natur. Sitat Olav: «Her hadde til og med solskinnsteltar Kjetil likt seg».

Me kjem tilbake til dette området seinare i sommar. For det ER stor fisk uti der einplass! Og i løpet av sommaren skal eg bikke kilosgrensa i fjellheimen, bank i bordet og tenna i tapeten! 😀

Bilder fra turen finn du i albumet!

10 svar til “Fisketur i Suldalsheiane”

Såg jo ganske så flottastisk ut det der. Sniker meg med neste gang (om det ikkje regner i vater:-)

Ikkje heilt, annen ekstremtemp på denne. Skal heim å sjå kva den heiter.
@Admin rydd opp i rotet mitt!

Er du redd for at Yalla ska «fara øve deg» Olav (for å sitera ein glad laks) siden dokken kjøre separate telt? Eller er det i tilfelle du sku komma over ei vinterfast budeie på ein einbølt støl?

@mazza: Jo, det og så blir det trongt i desse små telta med to slike store karar. Men til ei prinsesse er det plass. Veit jo aldri når ei kunne dukke opp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *