Onsdagskveld rundt klokka 22 starta eg og Olav turen fra Vela, her er det rett til himmels dei første 600 høgdemetrane, når me kom oss til topps byrja mørket siga på, og det blei ein spennande etappen langs Velavatnet. Her bør ein treffe med høgden, ein går i skårfeste både om ein kjem for høgt og for lågt. Men både eg og Olav har høge grader i sti og sporfinning aka SOSAYRMO *, så det gjekk som ein lek å rote seg langs vatnet i mørket! Ca kl 0030 var me på plass ved Vasstølsvatnet og kunne slå leir. Ingve og Cato skulle komme gåande fra Rød, men såg ikkje noko til dei på onsdagskvelden.
Utpå formiddagen torsdag kom Ingve og Cato traskande, dei hadde campa ved Ullsvatnet på veg opp. Me nytta dagen til å freiste fiskelukka, sanke litt avfallstre og hygge oss. Eg og Cato fekk kvar vår flotte fisk, Cato sin var nok hakke kvassare på vektå, feiringa hans gikk over alle støvlaskaft, holdt på å rive ned heile campen i ekstase over ein gyllen halvkilo fjellaure!
Dagen etter satte me snuten mot «Vela Nord», der me ville prøva oss på både ein og to kilos aure! Det blei lite storfisk i Velavatnet, men mucho flott der! Det var nok litt for tidlig, og kaldt i vatnet til å lure dei store jæklane, men bare vent, skal nok få has på eit par av dei før sommaren er over! Me nytta og deler av fredagen på å finne og sette igang tømming og rens av den sagnomsuste jettegryta. Seinare i sommar når sola har fått varma litt, blir nok det ein aldeles ypperlig stamp! Fredagkveld kom telefonen eg hadde venta på, så eg og Ingve tok turen heimover på lordagsmorning, medan Cato blei igjen til Søndag. Olav tok an heilt ut og blei til mandag for å feire nasjonaldagen i fred og ro!
Fantastisk å vere igang med vår og sommarfriluftslivet igjen!
Olav har handla seg nytt kamera, og knipsa flotte bileter! Sjå dei i albumet!
* SOSAYRMO – Sti Og Sporfinner Av Ypperste Rang Med Opprykk (hakkespettinspirert)