Vestlandsvinteren viser seg frå si aller beste side no i byrjinga av 2010. Denne helga var intet unntak. Eg og Ingve kom oss relativt tidleg avgårde frå Stavanger, for å sleppe å gå heile turen i stummande mørke. Greit å komme seg ut av skogen, og inn i ope lende før mørket kjem, iallefall når stien er snødd ned, og ein må brøyte veg opp!
Me rekna me at isen skulle vere meir enn trygg, men sjølvsagt var det litt spenning i å ta dei første stega. Ingve tok fem steg ut, hoppa tre ganger opp og ned, og konkluderte med at «joda, den er nok trygg». Ved nærmare studier så kunne du nok landa ein Boeing på den, for den var tjukketjukk. Herlig å traske utover isen i mørket, høyre knaking og braking i isen når den krymper sammen for natta, sterke krefter i sving.
Me ankom hytta i seks-tida, då var det -17 både ute og inne. Fekk skifta klær, fyrt opp omnifuelen og satt på kaffikjelen i ein fei! Måtte regelrett tørka litt kvist og ved på brennaren før det gjekk an å få fyr inni ovnen. Men fyrbøtaren fekk fyr, og tempen kraup sakte, men sikkert mot null-punktet. Med varm kaffi og frisk Fernet, var det bare hygge og smil å spora! Slik nærare midnatt dukka det opp eit ljos utpå vatnet, ein ting me ikkje hadde venta oss var besøk midt på natta. Men Cato syns det var ein god ide og var eit einaste stort glis når han kom fram. Eg trur hovudgrunnen til den seine ankomsten var at han fekk gå på ferdig brøyta sti, og kom fram til ei god og varm hytta!
Laurdag var det is-garnfiske som sto på programmet! Me var særs optimistiske der me boret hull etter hull i isen, putta garnet nedi og med fikse løysingar (lang bambus, og våt Cato), så fiska me det opp i neste høl! Me såg fram til nysteikt bål-aure utpå dagen. Litt utpå kvisten kom Olav dinglande, han er garantert den første person på Ullsvatnet med alpint skibestigningsutstyr. Litt for lite snø og særdeles dårlig base, gav visstnok begrensa frihet i nedkjøringa.
Kvelden gikk fort med bål, og pizzahygge ute under ein stjerneklar himmel! Fantastisco! Olav jobbar no med å perfeksjonere oppskrifta på villmarkspizzaen sin, slik at han kan imponere og innynde seg hjå ei framtidig hulder!
Søndagsmorgon var det garntrekking og rydding/vasking. Fiske var så som så, null fangst. Pakka saman og labba fornøgde heimover.
7 svar til “Isfisketur til Ullsvatnet”
Til neste fisketur. http://www.husqvarna.com/no/landowner/products/ice-augers/husqvarna-ice-augers-for-landowners/
Litt meir hell enn oss:
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article3471865.ece
Brøyting; Hans, Knut, Ingve: kr. 280,- pr. pers til konto 3202.10.74615 for brøyting (el Cato har casha det inn)
Betalingå er utført. Foreslår til neste år å kjøre med Helland seniors traktor m/brøyteplogen opp til parkeringsplassen. Då kan Helland tjene penger og ikkje di «kyniske» bøndene i øvre suldal:)
Completed!
regne med at siden det ikkje sto nåke om det, og at det var pizza til kvelds, at det blei lite fisk?? eller kanskje garne forsvant i holet?? 🙂
@arne
Me hadde litt lite tau med oss, så garna vart helste flytande oppunder isen.. Og bekkene var frosne og. Pizzaen var nok lika god som frossen aure 🙂