Lutefisk

Inspirert av matmor Ingrid Espelid Hovig si oppskrift på dinmat.no gjorde me kål på deler av lutefisken som låg i frysa!

Rasande enkelt, veldig godt, og ein god unnskyldning for å smake på Lysholm Linie Aquaviten 🙂 Denne maten her lager seg nesten heilt sjølv, og du rekk å mekke saus og ertestuing mens potetene kokar. Må rett og slett innrømma at me (eller Cato som handla), gjekk på ein liten ertestuing-smell, nokon har funne på at ertene skal ligge minimum 12 timar i vatn før du mekke stuing.  Redninga fann eg i det velfylte tørrvareskapet, Toro Ertestuing.

Lite tips til andre ferske lutafisk-kokarar: Fisken krympe ganske heftig! Så ta meir enn du trur! For meir detaljer om korleis du prøver dette sjølv, så kan eg anbefala Espelid si oppskrift, sett pcen på bordet, og følg videoen. Lutefisk er undervurdert.

Det gjekk jo som det måtte gå, når me smaka på Aquaviten, flaska var plutselig tom, og me måtte ta turen til Nåløyet for å slukka tørsten.

One thought on “Lutefisk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *