Me stakk inn til Sand torsdags-ettermiddag, lynklare for jakt. Det vart mørkt før me kom inn, så me hadde ein liten pitstop på Sand. Fredagsmorgon kl 06:00 var me klare for avgang.
Fredagen var det eit fortreffeleg ver, og lite snø, så me freista å køyre inn til Skreivass-dammen (yr.no hadde tross alt meldt regn og plussgrader både lordag og søndag). Me såg fleire ryper på turen inn til dammen, og jegerane vart særs optimistiske!
Traska innover mot Krossvatn turisthytte for å sette frå oss bagasjen. Kun minutt etter at me bestemte oss for å spre oss, og lade haglene, small det frå saudabuen si hagla. Ei einsleg rype datt pladask i bakken, fantastisk start. Me spreidde oss utover eit ganske stort område, eg følgde stien innover. Etter ein dryg halvtime, gjekk eg på tre ryper, to av dei enda i sekken. Kjetil og Gjermund fekk og kvar si rype før me kom fram til Krossvatn. Gjermund var rett og slett supastoka (som ein ekta snøbrettkøyrar ville sagt) når han kom fram. Sette frå oss sekkane og fekk ein kaffitår før me traska ut att.
Eg, Knut og Ingve gjekk i retning Nøvlanuten, medan Kjetil, Gjermund og Cato gjekk andre vegen. Olav og Anders stakk opp på onsdagen, så dei hadde me enda ikkje sett snurten av. Veret var fortsatt aldeles strålande, vindstille, skyfri himmel og snødekt landskap. Tru ikkje det kan bli så mykje betre enn det. Eg og Ingve såg ein stor stegg me prøvde å lure oss innpå. Den satt som kongen på haugen, og hadde full kontroll på oss. Ikkje skothald. Etter dette såg me tre fuglar, samt ein stor flokk på 30-40 ryper, men ingen på skothald.
Lordagen våkna me til tett snøver, men forholdsvis mildt og lite vind. Så eg og Knut la avgårde, etter ca 20 minutt gjekk me på ein stor flokk på rundt 20. Knut fekk to, og eg fekk ei. Mi landa sjølvsagt utpå eit lite vatn, så eg fekk verkeleg testa impregneringa på sko og bukse. Festa buksa rundt skoa med litt ducktape, så fungerte det utmerka å vasse til låra i vatnet. Etter dette følgde me ein flokk på ca 10 ryper innover fjellheimen. Knut fekk has på fire i denne flokken, eg fekk ikkje skothald. Ikkje lett å halde følgje med sjumilsstøvlane til Knut i knedjup snø. Dei andre fekk ikkje skothald denne dagen.
Søndagen var me tidlig oppe for å komme oss ned i rimeleg tid. Sterk vind, og snøver gjorde sitt til at turen tok noko lengre tid enn normalt. Me såg for oss ein heller strabasiøs tur med mykje graving og spadebruk for å få ned bilane. Når me bikka over kanten ned mot vegen, så var den ny-brøyta. Sitat Kjetil: «Eg har aldri vore så glad for å sjå ein John Deere før».
Totalt 11 ryper på 8 jegerar, med fordelinga 6, 3, 1, 1, 0, 0, 0, 0. Ei fantastisk helg alt i alt 🙂 Nokre medlemskap i IRRVF (Indre Ryfylke Rypevernforening) lev farleg, og med seks fulltreffarar, står Knut verkeleg i fare for å ikkje få godkjent opptaksprøven.
12 svar til “Jakt Suldal Statsalmenning, Krossvatn”
Knut! 6 stk?! r.e.s.p.e.c.t 🙂
Det e med stor takknemlighet eg takkar fjellgudane i øvre-suldal for rypene eg blei servert, håpar på gjenntakelse neste år! Det va ellers ein kjempetur og eg søkar herved om medlemskap i Happy Hunters, eg vet eg ligge syltynt an:) (e jo saudabu+ eg fekk 6 ryper når noken andre frekk 0…)
Du skårer jo høgt på allmannsangskalaen + at du er jo omtrent lika grei som ein ekta bygdagut frå Sandsbygdå 🙂
Flott tur va det. (kunne fort blitt ein mindre flott tur om me måtte grave snø i fire dager).
Åi. Eg kan poste igjen 🙂 sweet.
Snakke me Rypemiddag snart eller?
Jaja! Ting er på gang, men du respondere jo ikkje 🙂
Koss ligge det an med jaktå detta året, Skal det organiseres like godt som i fjord? Onde tunger vil ha det til at det er planlagt teltovernatting…
Stol alltid på onde tunger! Telt = sjef 🙂
Må jo sova i terrenget som ein ekta villmann!
Sove i terrenget = skremme fuglane vekk. Det der er eg særs skeptisk til? Kjør ein poll 🙂
Kor har du høyrt den skrønå der?
Poll:
Eg seie ja 🙂
Me får sjå da ka an seie etter helgå.., satse på at gutten får oppleve 30-40mm nedbør sånn som det var i saudafjellå forrige helg 😛
Poll:
Eg seie nei 🙂
Ka seie andre folk?
@Hilmar:
Lagt ut poll her:
http://hansmagne.com/2010/09/telt-eller-hytte/