
I helga lokka Olav oss med på ein impulstur til fjells. Han skulle opp og støype ferdig fundamenter til hytta si, og ville ha selskap på turen.
Pakka sekken iløpet av to minutt, og etter fem var me vel nesten ombord på ferja! Effektivitet …
Eg, Ingve og Olav gikk fra Rød i racer-tempo. Etter drøye halvtimen var båten sjøsatt og motoren igang! Cato kom like etter springande i lange klyv fra Haugsland, han kom ei ferje seinare fra Stavanger og valde ei alternativ rute opp, sidan båten allereie var praia i Ullsvatnet. Kvelden gikk fort unna, grilling, bålsteikte vafler, og eit par brune. Namnam …
Søndagsmorning våkna me til eit løye syn. Midt på veggen var det ein kvinnelig gjest som hadde forsøkt å snika seg inn. Planen var god, men det gjekk ikkje heilt som det skulle. Ho fekk hovudet gjennom, men der stoppa det. Litt for god tilgang på mat denne sommaren tydeligvis.
Turen gikk vidare til Velavatnet for å fiske stor fisk. Ingve fekk hasen på ein snasen, me andre fekk bare småtteri. Sprang så opp til Velastølen for å inspisere framgangen på hyttetomta til Olav. Her blei det etterkvart både folksomt og vått. Me satt i alt ti mann under presenningen og fråtsa i pinnebrød, pizza, pølser, sjokolade og kaffi, mens regnet plaska ned på utsida. Neste gang me kjem oppom rekner me med at hytta er oppe og tett 🙂
Litt bilder fra turen finn du i albumet.
Aftenbladet.no – Mus kvalt i kvisten
Vg.no – Mus kvalt i kvist
Haugesunds Avis – Her blir musa kvalt
11 svar til “Reskjell – nesten mus i hus”
http://www.aftenbladet.no/lokalt/ryfylke/1060687/Mus_kvalt_i_kvisten.html
😉
haha! agurktider i media 🙂
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=556371
Utrolig , tenk dere kom i mange aviser, berre for ei lita mus.
Men så var det ei merkelig hending og da.
Bra jobba ! Godt at Haugesunds Avis fekk med at de var fra Sand.
Åssen fikk de nyss om den historien? var det paparazzi oppi der? 🙂
Det var ei stk paparazzi som hadde sumarjobb i aftenbladet 😉
Det var vel heller ein stk. Yalla som var særs PR-kåt tenke eg 🙂 hehe
Hehe, gøy å lese kommentarene og bloggene som er kommet pga. denne musa vår Yalla… 😀 *ler*
Når ska me andre få vår andel av alle utbetalingane du fikk fra avisene..?
Eg foreslår at dei pengane blir satt inn i eit Happy Hunters fond 🙂
Eg lure på om dette skal ordnes på fjellet torsdagskveld? Kanskje? Så nå får du begynne å ordne i kulissene og mekke avspasering på freddan 🙂
Snakke me flytande valuta? 🙂
Alt dette her avhenger av om FiDoen skal på jakt 🙂