Kategorier
Camping Jakt, fiske og friluftsliv

Kjerag

Kjerag

Kjerag er kjent for dei fleste, og ligg ikkje langt fra Stavanger, likevel har eg aldri vert der før. Derfor bestemte me oss for å rømme Stavanger under folkefesten forrige helg, og ta ei helg til fjells. Fantastisk ver, høge fjell, varme vatn, god mat og drikke gjorde at helga vart særs vellukka.

Natt til lordag overnatta me ved ei lita tjødn, ikkje langt fra allfarvei. Her var det fint å telte, og vatnet var varmare enn eit gjennomsnitts norsk badebasseng. Uheldigvis trivdes mygg og knott også meget godt her, og sidan me ikkje hadde hjelpemidler mot fandenskapen (og eg nekta å ta på meg buksa og sokkar før laangt på natt), så enda eg opp med ikkje mindre 16 stikk bare på eine fotbladet. Så kan du sjølv tenke deg fram til korleis resten av føtene såg ut …

Lordagsformiddag kjørte me til Øygardstøl for å ta fatt på hovudmålet for helga, turen opp til Kjerag. Her skulle dei ha 60,- for parkering og sjølvsagt tar dei kun mynt. Etter å ha kjøpt ei svindyr flaske fruktjuice blanda med vatn fekk eg lov å ta ut nokre tjuekroningar til å putte på automaten. Ifølge skiltinga skulle Kjerag-turen vere ein hard tur, der ein burde rekne 5-6 timer tur/retur. Dette var nok typisk «turist-timar», for etter 1 time og 20 minutt  inkl. pratepause med kjentsfolk, så var me oppå Kjerag-bolten! Hadde nokre timars rast på toppen, der me bare nøyt fantastisk utsikt, nydelig ver og rare turistar.

Kjerag-bolten ser spektakulær ut på bilder, så eg hadde forestilt meg at det skulle vere litt spennande å hoppe utpå. Men du fekk ikkje noko spesiellt inntrykk av høgden, verken når du gikk utpå steinen, eller når du sto der. Då kitla det meir i magen når du la hovudet utfor kanten og såg 1000m rett ned i sjøen eit par minutt gange fra sjølve bolten.

Området er og eit eldorado for basehopping, men dessverre var det ingen hopparar i aksjon mens me var på toppen. Traff fleire på vei opp, når me gikk ned igjen. Hadde vert skoi å fått sett nokon i aksjon! Galne folk …

Etter ein kaffikopp i Lysebotn fant me eit nytt og noko større vatn å telte ved natt til søndag, også dette kun kort gange fra veien. Her var det omtrent fritt for mygg og knottefandenskapen – herligt!  Mekka ein veldig god middag før me krøyp til telts.

Turen og området anbefales! Og alle var enige om at dette var ei særs vellukka helg!

Har lagt ut nokre bilder fra turen i albumet.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjerag er eit fjellplatå på sørsida av Lysefjorden i Forsand kommune i Rogaland fylke. Platået er eit kjend turistmål i regionen. Det høgaste punktet er 1110 meter over havet, men det er nordsida med eit fall på 984 meter ned til Lysefjorden som trekk til seg dei fleste turistane, inkludert mange basehopparar.

I vestre del av platået finst Kjeragbolten, som er ein 5 m³ stor stein. Steinen er kilt i ei kløft i fjellet 1000 m over Lysefjorden.

Turstien til Kjerag startar ved Øygardstølen – ein restaurant 640 m over Lysebotn. Ein gåtur inn til Kjerag kan ta noko over to timar kvar veg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *