… gammel dansk, jaktkaffi, pilsner, god mat, hygge.. Dette er stikkord som er viktig for at fisketuren skal bli ein suksess. På denne turen fekk me alt! 🙂
Me traska Skjeggastien opp til hytta, stien har fått namnet sitt fordi det er så bratt at skjegget subbar i bakken på vei opp. Men i lette klyv var me plutseleg på toppen av dei værste kneikene, og seig innover liane mot Reskjell. Med badepauser og andre pauser, så brukte me ca tre timar på turen. Ein fin tur som kan anbefales, stien er merka med raudmaling, så det er bare å traske 🙂
Etter å ha ankommet Reskjellhytta og slengt ifra oss bagasjen, tok me turen ned til Ullsvatnet for å fiske litt, og hente noko «nødproviant» som var lagra der. Som vanleg var det fisk å få i Ullsvatnet og Litlavatnet, men bare småtteri beit på kroken. Men me fekk iallefall nokre som var fine på grillen 🙂
Joppe ankom Reskjellhytta seinare på kvelden, han hadde også gått Skjeggastien oppover, eller iallefall i det området.. Han hadde sett lite til sti og rødmerking på sin vei 😉
Lordagsmorning vakna me til strålande sol, og starta dagen med eit njudelig morgonbad i jacuzzien. Turen gikk vidare til Velavatnet, der me har høyrd rykter om store ting. For det første skal fisken vere større, og for det andre så bygger Olav hytte der borte. Fisken var bitevillig og både eg og Fido drog iland to flotte ruggar på første kastet 🙂 Nordenden av Velavatnet var ein idyllisk spot, der eg gjerne kunne tilbrakt mykje meir tid.. Ser og fram til innflytningsfesten på Velastølen, når hytta er tett! Det var ei fin tomt. Etter timar med fisking, Donald-pocket-lesing og avslapping tok me turen heimatt til Reskjell, der det blei bålkos utover dei seine nattestimar.
På søndag gikk turen heim via Liafjell. Også det ein flotte tur 🙂 Alt i alt: Nylada batteri!
16 svar til “Sol, fisk, bading, bål, kaffi, avslapping …”
Trur du kunne fått ein jaktkaffi for godt under 10000 koreanske galningar.., men det e uten barfee trur eg:D
Det va gudd tur det! Va vel ein av dei bedre??
Über!
Der fekk me svar på bålet som brann når me ankom Ullsbu gitt…
Og me som skalv og venta på ein mann i rød kjole heila nattå! 🙂
@busten
Høyrde du forresten nokre nye dyrelyder på Ullsbu?
Hehe… Ja hørte ei rar grynting oppi lia der utpå kvelden. Var det ein spesiell art dåkken prøvde etterligne??
Reknet med du var klar over at det lever sånne i Ullsvatnet:
Mystisk Monster
Me høyrde det nemlig heilt opp til Reskjellhytta..
Å dæven…:/
godt me hadde ein blod-trimma påhengs å frese iland med då når me låg å pilka utpå der midt på nattå!
Ja, men samtidig ska dokk va glad det mystiske monsteret ikkje stakk av me heile båten.. 😛
Det mystiske monsteret va farlig nær deg Busten… Faktisk på vei oppi båten, da du kom gående ifra hytta og oppi båten for å fiske…. Lucky you… 😛
Ja me får visst var glad me kom levande fra det…
Koss var fisket i Velavatnet då? Blei det nåke 2kg fisk??
Me fekk ikkje 2kg fisk på kroken.. Men tar det neste gang!
Dei fleste me fekk på kroken var iallefall 2x Ullsvatn size 😉 hehe!
E kje så sikker på d…
Sku sett det beistet Herabakken drog iland på makk! Hadde mat t fleire mann på den! :p
Me har spisskompetanse på fisken i Ullsvatnet.. Har dratt iland sikkert tusen stk der.. 😉
Viss det var eit beist dykk fekk på kroken, så rekner eg med at dykk teikna den opp på ei fjøl og spikra den på veggen?
Kjetil prøvde seg jo med makk og dupp, men feilte på ein måte. Såg berre duppen raste utover vatnet før an forsvant i djupet.
[…] n?, s? tror eg det er best for alle partar at eg ikke skriver noe refferat her, det kan du lese hos yalla, men eg kan jo nevne at eg fikk den st?rste fisken og eg fikk fisk […]