Denne helga vart årets grillfest arrangert på Kløv.
På laurdag gjekk turen til Tysse for å sanka blåskjell og fiska. Tradisjonen tru, så knaska med kvart vårt råe blåskjell. Ifølge legenden, er det slik ein sjekkar om dei er giftige. Ingen vart numne på leppene, så me tok dei med på grillfesten! Fisken var ikkje voldsomt bitevillig.. Yalla drog iland eit par svære makrell. Resten kom tomhendte heim 😉
For å friske opp hjernen etter lordagskvelden, heiv me oss i elva på søndagen. Gjeddå var instruktør og veileder, alle såg fisk. Helge meinte til og med at han såg laks.
Alt i alt ei triveleg helg!
5 svar til “Fisketur, Grillfest og laksesafari”
Stilig bilde av grillkongen 🙂 Såg ut som ein urnordmann i sitt rette element.
fantastisk 🙂
Ja det va jo noen som var litt høye på pæra og skulle gå til Hellandsnuten på Søndagen. Ja de skulle til å med gå helt fra bunn av. Hva skjedde? 🙂
@Molten
Det pissregna, og toppen var sveipa inn i regnskyer 🙂 Yr.no si heildekkande sol slo ikkje til for å seia det slik.
Laksesafari var ein bra substitutt! Kvar var du?
Eg satt heime og såg sykkel etter en god middag hos bestemor. Akkurat som planlagt:)
Kvifor ikkje gå til Nuten med tørrdrakter hvis det regna sånn?:)