// Yallaveven //

Versjon 6.2

Giant XTC 2

28. July 2008 @ 13:36 av yalla

Giant XTC2

Sykkelen er no testa på asfalt, grus og sti, fungerer som ei kula! fresht ;)

“Terrengsykkel for trening og ritt. Giant XTC racing aluminiumsramme, RockShox Tora302 luft 100mm gaffel med Lockout, Avid Juicy3 hydrauliske skiver, Shimano Deore/XT shadow gir, Alex DP17 disc hjul, FSA prodrive krank.”

Lagt inn i Generelt | 3 kommentarer »

Ulladalen BBQ

22. July 2008 @ 11:35 av yalla

Bjarte inviterer til grillfest i Ulladalen. Han har snakka om denne eventen i fleire år, og endeleg no er det kome noko håndfast ut av det.. Eg er bedt om å lufte interessa for denne o’store festen :) Den vil bli arrangert medio 22-24. august!

Korleis kjem ein seg dit:

  • Snakk med Mads (Men ikkje gjer som Mads, då rekk du ikkje fram i tide; les sykkel, kanel og Mosvatnet)
  • Kjør bil!

Husk:

  • God mat og drikke
  • Badetøy

Er dette av interesse? Skriv ein kommentar, slik at Bjarte får oversikten!

Lagt inn i Ferie og reiser, Jakt, fiske og friluftsliv | 15 kommentarer »

Metallica

18. July 2008 @ 10:47 av yalla

Dagbladet terningkast 6Metallica-konserten i Bergen vart ein høydare :) Eg er ingen erfaren konsertmann, men dette var desidert beste konserten eg har vert på :)

Sangane som blei spelt:
1. Creeping Death
2. For Whom the Bell Tolls
3. Ride the Lightning
4. Leper Messiah Metallica ScenenMetallica Scenen
5. The Unforgiven
6. Bread Fan
7. …And Justice for All
8. Bleeding Me
9. No Remorse
10. Master of Puppets
11. Damage Inc
12. Nothing Else Matters
13. Sad But True
14. One
15. Enter Sandman
16. Last Caress
17. So What
18. Seek and Destroy

«Beste konserten noensinne på Koengen»
«Lesernes anmeldelser»
«Ekstatisk metalmagi»

Ein genial konsert :)

Lagt inn i Ferie og reiser, Generelt | 1 kommentar »

Fisketur, Grillfest og laksesafari

14. July 2008 @ 10:27 av yalla

Fisker i Tysse

Denne helga vart årets grillfest arrangert på Kløv.

På laurdag gjekk turen til Tysse for å sanka blåskjell og fiska. Tradisjonen tru, så knaska med kvart vårt råe blåskjell. Ifølge legenden, er det slik ein sjekkar om dei er giftige. Ingen vart numne på leppene, så me tok dei med på grillfesten! Fisken var ikkje voldsomt bitevillig.. Yalla drog iland eit par svære makrell. Resten kom tomhendte heim ;)

For å friske opp hjernen etter lordagskvelden, heiv me oss i elva på søndagen. Gjeddå var instruktør og veileder, alle såg fisk. Helge meinte til og med at han såg laks.

Alt i alt ei triveleg helg!

Ligg litt bileter på albumene.mine.nu.

Lagt inn i Generelt, Jakt, fiske og friluftsliv | 5 kommentarer »

Årets Strynetur vart atter eingang suksess!

1. July 2008 @ 13:47 av yalla

Bilder fra Ferien - Update: Lagt ut nokre bileter på albumene.mine.nu

Dystre spådommer fra erfarne Strynetryner vart gjort til skamme forrige veke. Litt nysnø, og ned mot -4 grader nattestid, gjorde sitt til at snøen var aldeles nydelig på dagtid, skikkelig dra-på-føre. Det var mykje snø til å vere så seint i sesongen, og alle klassikere var fortsatt kjørbare (minus dalsnibba)!

Til tider nydelig ver og nye ski, gjorde også sitt til at dette vart nokre av dei beste Stryneskidagane eg har hatt..

Eine dagen var me i Skjåk og rafta. Grunna filmopptak haldt me på i nærare fem timar. Bruhopping og fri-stuping inn i EM-bølga var nokre av høgdepunkta :)

Du finn eit utvalg bileter på albumene.mine.nu!

Lagt inn i Ferie og reiser, Ski | 2 kommentarer »