Resultater Snønuten Open 2008

På årets SNO-tur var me 21 menn og damer som kava oss til topps. Me var 20 som kom ned igjen innan rimelig tid..

Helge innfridde alle favorittstempel og drog vandresølvet med seg til Sauda. Eg fekk sett unge lovande Svandal i imponerande tempo ned målhenget og visste allereie då kvar pokalen kom til å havne. Ein påske med mange storslalomøkter gav altså resultater.

Litt bileter og utgreiing om bankett og liknande kjem etterkvart 🙂

Herreklassen:
01) Helge Svandal – 09:25
02) Kjetil Helland – 09:58
03) Olav Øvstebø – 10:15
04) Christian Bjørke – 10:35
05) Mads Drange – 10:55
06) Hans Magne Helland – 11:00
06) Aslak Mo – 11:00
08) Lars Hetland – 11:15
09) Lars Bjørke – 11:50
10) Sigbjørn – 11:55
11) Roald Lande – 12:05
12) Sturla Aakre – 12:15
13) Robert Bergseth – 12:35
14) Bjarte M Helland – 13:50
15) Cato Jensen – 16:01
16) Marius Hop – 22:52
DNS Olav Helland
DNS Espen Andre Rogne
DNS Gjermund Daniel Mo
DNS Kjetil Endresen

Dameklassen
1) Ann Iren Bjørnarå – 14:34
2) Trude Spaun – 15:22
3) Åse Marie Eikeland – 17:00
4) Johanne Støren Stokke – 17:30
DNS Linda Helland
DNS Ann Christin Helgesen
WFBSK Synnøve Eikeland

DNS = Did not start
WFBSK = Was found by Sea King

16 thoughts on “Resultater Snønuten Open 2008

  1. Må sei at Øvstebøen aka Laffen imponerte stort her! Har ikkje sett han på ei stund,men rekne med at han enten e blitt sykt feit og dråpeforma (lenge leve aerodynamikken), eller at han har bestukke Dr.Online te å få prøvesmaka på dropsa i lækjarveska hennar. Og Mads har festa grepet på Hans Magne her, må var stort å både slå han både i håndbak på nyttår og no på årets store vintereventyr, SNO;) Ein kan lura på ka dessa Satelitt-cellene eigentleg gjer i kroppen…

  2. «– Gruppen med toppkjørere dro fra Snønuten til Mostølen. Da gruppa kom fram til Mostølen, merket de at kvinnen (25) var borte» -Er det bare eg som blir smigra når dei omtale deltakarane på SNO som «Toppkjørere»?

  3. Eg skylde på Aslak, han lurte i meg Whiskey på toppen av nuten.. Og det fungerte på ingen som helst måte som dop. Hadde jo whiskeysyra i låra før eg hadde kommet meg ned til den første ryggen 😀

  4. Godt at metallet e slept heim te sauda, der komme det nok te å være lenge viss svandal får holda på skadefri:D

    Ser fram te å sjå bilder av litt kvalitets-hoftevriking fra kvelden!

  5. Har lagt ut nokon bilete uredigert og usensurert. Trykk på nicket mitt for å sjå.
    @Dr. Moe: Ingen dråpeform her, men ein spesiell og svært effektiv dropsblanding:)

  6. Yalla: Whiskyen fungerte akkurat som tiltenkt. Dessutan ser eg ein klar statistisk sammenheng: Inntak av 15år gammal skotsk whisky resulterer i slutttid på 11.00, det er både eg og du bevis på. Vurderar og oppgradera til 20 år gammal whisky til neste år i håp om at det pressar tida ned under 10 blank.

  7. Oi, bra tenkt Aslak. Eg er med på den, men ska me ikkje bare dryle på med noko skikkelig gammalt med eingang då? Eller må dette tas gradvis?

  8. Det e viktig å hugsa på «Angel’s Share». Det e nemlig ikkje sikkert at gamlast mogleg whisky gjer størst mogleg fart ner bakkane mot Mostøl.
    Med tanke på konsekvensane så trur eg at ein skal ta forsøka gradvis og samla statistikk før ein trekk for bastante konklusjonar. Ein risikerar fleire helikopterturar om ein dreg te med ferskt, heimlaga frå bygda allereie neste år.. 😉

  9. haha… vassbonden frå Stråpa legge inn nye taktikkar i håp om å avansere på lista… Registrere at Alslaksen hevde at whisky-årgangen er invers til sno-sluttider… Kva då med inntaket? Her er duka for blodprøver i neste års SNO. Mazza? Frå tidligare har me hørt om smøresabotasje fra vikedal og linken-trøbbel (for å nevne nåken). Doping er seriøst, sjøl i SNO-samanheng, men når han i tillegg lokke med seg ung og frisk sandsungdom som bare er flaska på råmelk… Doping eller ei, aldri aldri ska metallskåla havna på Stråpa!!

    Til neste år (og for evig og alltid) kan trofeet beskuast gjennom vinduet på eit grisefjøs i vikedal…;-)

    PS! Gjer klar for innflytningsfest i Bergen i ca desember..

  10. Ufatteleg at ein så rutinert deltakar som Yalla kunne gå på whiskeytrikset. Dette er berre ei utvikling av Jâgeren på parkeringsplassen. Mens Laug sjøl drikke hostesaft og eplejuice, lure han andre te å fyra…Og det lukkast jo nesten denne gongen. Jaffal viss han har som mål å slå Hans Magne, då…Lure på om det va andre som vart lurt i noko Stråpa-melk på toppen?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *