Snønuten Open 2008 – Vinterens vakraste eventyr

Snønuten i solskinnVinterens vakraste eventyr nærmer seg med stormskritt! Snønuten Open 2008 går som vanleg av stabelen påskeafta, rekord tidlig i år pga tidlig påske! Betyr dette superrask snø og rekordtider? Det rapporteres om store snømengder i fjellet, kanskje blir det tidenes første SNO i puddersnø?

I fjor var det 25 stk som passerte målstreken (eller 24, unge lovande Moe løyste målpasseringa på sin egen måte, med vekslande hell).. Fleire av deltakarane reiser no straks på ein tidagers intens treningsleir fram mot SNO 08. Kampen om vandrepokalen blir hard, og mest sannsynleg jamn. Det er spikra og vedtatt at Kjetil aka Joppe skal jobbe hardt for å behalde vandresølvet på Kløv!

Rennsjef og SNO-general Mazza vil etterkvart (som vanleg) komma med ei vurdering av utvalgte deltakarar, både når det gjeld sjølve rennet, og banketten. So stay tuned for more SNO-news 🙂

7 thoughts on “Snønuten Open 2008 – Vinterens vakraste eventyr

  1. Det er med sorg å meddela at eg ikkje kan stille i aktiv-klassen i år. Dette skuldast at vår kjære dr.Bakka har nedkome med ei snella oppkalla itte SNO-07 (ALive), og dr.Moe må fylla tomrommet. (Jfr.SNO §13.5.2: «Arrangør av det oven nemnede skidrænd er pligtig at have nødvendig hælsepersonell og sikkerhædsforanstaltninger på det rene, dersom nogen av udøverne skulde komme ut for at behøve mædisinsk assistanse under eller efter konkurransen.»)
    Det er difor med sorg å melda at eg ikkje kan delta i aktiv konkurranse i år. (Ein annan grunn er at dr.Bakka sin legekoffert inneheld store mengder presasjonsfremmande medikamenter, og det ville vore direkte uetisk å stilla etter at eg har fått tilgang på den!) Rekne med at ei tung bør vart løfta frå skuldrane til eit par nervøse deltakarar no (les: Christian og Aslaug…), då konkurransen vert merkbart svakare i år. Ærbødigst, Deres hængivne Dr.Moe

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *