Location: Skardsheia
Hunters: Hans Magne, Kjetil, Ingve og Cato.
Då var me vel heime fra Skardsheia. Me gikk oppover på fredagen, i eit heller basje ver. Det regna og blåste rimelig heftig.
Lordagen vakna me til snøver. Veret letta heldigvis utover dagen, og det var kun nokre snøbyger i ny og ne. Fuglane var ikkje så gode å finne. Dei var ikkje blitt kvite enda, så dei fleste hadde kanskje rømt vekk fra snøen.
Det blei skote eindel hol i lufta før eg traff den første fuglen, ei lita fjellrype. Fem minutter seinare traff eg ei stor lirype. Og det var det.
Resten av folket kom tomhendte heim.
Idag vakna me til eit hinsides regnver og tett tåke. Me traska difor heim relativt tidlig. Det hadde regna såpass iløpet av natta at båten låg med ripa under vann.
Me får satse på at det blir meir fugl å få ved ei seinare anledning 🙂
5 svar til “Årets første jakttur”
Du følte du måtte lage en eit eget avsnitt med linja: «Resten av folket kom tomhendte heim.» hehe
Syns det va lite fugl å sjå i år. Små kull på to og tre fuglar. Hadde vi varma opp med nokre turar på leirduebanen, så hadde jaffal eg hatt orrfugl i sekken!
Ingve. Neste gong då håpe eg at du huske meir enn «mat kl fem». Det va kjedeligt å traska ner staursulten og aleina.
Du må eta Cato… 🙂
Viss alle har sekk neste gang, så er me ikkje så avhengige av å finne kvarandre igjen for å få mat innabords 😉
Hauken 30L
Ska prøva å huske sovepose også nestegang kansje… hehe
Jensen skulle hatt med seg en trailer med mat..