22. August 2007 @ 08:13 av yalla
Nå er det ein måned til overtaking i Cementen. Var på ferdigbefaring igår, og det ser ut til å bli fint der :-) I Cementen kan me ete snop midt i veka, vere oppe så lenge me vil og spele så høg musikk me vil.
Av alle ting så får eg rosa glas på terasserekkverket.
Joppe tok nokre bilder på befaringa igår, dei finn du i Picasaalbumet.
PS: Snart kjem det ein aldeles glitrande leilighet for salg i Paradis/Godalen.
Lagt inn i Generelt | 3 kommentarer »
16. August 2007 @ 17:17 av yalla
Igår såg eg den største edderkoppen eg har sett i Noreg. Den satt og koste seg på gipsplatene høgt over hovudet på oss. Sidan Kjetil lir av ein lettare form for arachnophobia, så måtte eg ordne opp.
Den var særs samarbeidsvillig, så det var ikkje noko problem å bli kvitt den. Eg ytra ønske om å behalde den som husdyr, men vart nedstemt. «Vingespennet» på udyret må ha vert nærmere 10 cm.
Stor husedderkopp er en av våre største edderkopper. Hunnens kropp er 11-18 mm lang, hannens kropp er 10-14 mm og smalere enn hunnens. Beina er meget lange, og hannens bein er aller lengst. Diameteren til hele dyret fra forbeinspiss til bakbeinspiss kan være hele 8 - 10 cm. Edderkoppen virker derfor meget stor – og skremmende på mange. At edderkoppen løper rykkvis meget fort, 1/2 m per sekund, forsterker inntrykket av noe farlig.
Les meir om stor husedderkopp.
Lagt inn i Generelt | 4 kommentarer »
8. August 2007 @ 21:22 av yalla

Forrige torsdag stakk eg og Jensen til Stranddalen for å fiske. Ein god grunn for å gå opp på torsdagen er og at det står stranddalskomla på menyen. Me satte fra oss dei tunge sekkene i “krysset” Sandsa/Stranddalen og småsprang siste stykket mot hytta.
Når me kom oss inn i hytta, traff me Turi og Sara, som hadde planar om ein langtur til Mostøl, viss dei kom seg opp etter all vinen? Komla og øl var bra saker :-) Etter seks særs kraftige komler med mykje tilbehør, så tek det litt tid før kroppen er brukandes til noko som helst. Men me tutla oss ut og nedover mot Øystastranddalen når mørket seig på.
I det me hadde fått opp teltet, så byrja det å regne. Heldigvis var det fint ver på fredagen. Fiske var så som så. Men dei me fekk var saftige og gode. Natt til lordag starta det verste regnveret, og det tok aldri slutt. Så etter eit kaffibesøk på Månastøl satte med kursen heimover!
Litt bilder fra turen finn du som vanleg på albumene.mine.nu.
Lagt inn i Jakt, fiske og friluftsliv | 1 kommentar »