30. January 2007 @ 11:26 av yalla
Enda er det ikkje rare snømengden rundt omkring i alpeland, men rekner med at det blir nok å boltre seg i dei fleste plasser før avreise i Mars.
Snø har det vert meir enn nok av siste tre åra me har vert på tur i mars, og eg rekner ikkje med at det blir annerledes i år :-)
Folket som skal var med, svarer i ein kommentar på følgande spørsmål:
Først og fremst:
1. Kvar vil folket reise?
Next:
2. Leilighet? Hotell?
Så litt “ikkje-haste-ting”;
3. Kven vil nytta offentleg transport, kven vil leiga bilar?
Sjå posten «Alpetur 07» for meir informasjon om lokasjonar i nærleiken av Munchen, og folk med bilettar :-)
Lagt inn i Ski | 8 kommentarer »
29. January 2007 @ 21:22 av yalla
Ingve var på besøk med sitt nye 9.5(!) grams tunge helikopter. Og fekk leika seg under store takhøgder her i GD2.
Løye papegøye!
Ligg litt bilder på albumene.mine.nu. Ikkje lett å fokusere på det bittelitle og viltre helikopteret.. :-)
Lagt inn i Generelt | 2 kommentarer »
22. January 2007 @ 13:59 av yalla
Me stakk som vanlig opp på fredagen. Forventningane var høge, etter store dump iløpet av veka. Kjetil hadde handla inn tidsfordriv til kveldane (geni og risk). Fredagen innvia me Geni, og Yalla vann ein overlegen siger..
Lordagsmorning vakna med tidlig av vinden som reiv og sleit i hytta, og som me tenkte var heisen stengt store deler av dagen. Me joina erfjord og sandnesfolk++ til ein liten hoppsession i Valldal. Kjekt. Lordagskveld hadde me mørkehopping i veikanten med Hagaminne. Alt gjekk bra i mørket, heilt til Joppe landa pladask på ein stor stein. Det gikk og forholdsvis greit, bare ein forslått og rolig gut som klarte å halde tårene inni seg.
Søndagen vakna me til fint ver, og strålande forhold i skitrekket. Altfor masse folk, men ellers bra. Avslutta dagen med Saudasvingen. Den var heilt fantastisk.
Ligg litt bilder på albumene.mine.nu.
Lagt inn i Ski | 11 kommentarer »
19. January 2007 @ 16:25 av yalla

Ser ut til å bli ei ganske OK helg :-)
Har snødd rundt ein meter siste veka, og vert kaldt. Bare håpe det ikkje har blåst for mykje..
Lagt inn i Ski | 5 kommentarer »
11. January 2007 @ 11:17 av yalla
Kanskje for spesielt interesserte - båndbreddetjuvar.
Dei siste dagane har det ramla inn mailer fra 34sp.com om for mykje trafikk på mine sider. Det gikk ifra eit månedlig snitt på rundt 3-5GB til over 1GB i døgnet, min konto har begrensing på rundt 4GB i mnd. Så noko måtte det vere. Albumet mitt ligg ikkje lenger hjå 34sp.com, så det er ikkje grunnen.
På bildet ser du veksten i trafikk, november og desember er heile månader, medan januar kun er ti dager gammel.
Etter å ha rota rundt i diverse statistikker, fann eg ut at eg hadde eit bilete liggande som tydelegvis var særs populært å hotlinke. Bildet var fra en post eg skreiv i 2005, med det treffande filnavnet «happy_new_year_2006.jpg». Dette låg i ymse gjestebøker på Myspace.com og Ebay.com, samt på fleire andre nettsider.
Eg har nå tatt nokre tiltak, for å sleppe dette framover. Sletta det aktuelle bildet fra serveren, samt satt opp .htaccess etter artikkelen «Helt gratis reklame» hjå «Kyrres plass på nettet».
Så nå får me sjå om ting stabiliserer seg..
Lagt inn i Generelt | Skriv ein kommentar »
7. January 2007 @ 18:01 av yalla
Nå har følgende kjøpt billetter til München:
- Hans Magne
- Synnøve
- Kjetil
- Olav
- Linda
- Mazza
- Robert B
- Gjermund
Me har bestilt tur ned søndag 11.mars med retur mandag 19.mars. Så tar me det derifra. Reiser der snøen er :-) Norwegian har kampanje fram til 13. januar, så du sparer nokre kroner på å ikkje nøle for lenge.. Fra Oslo t/r ca 650,- fra Stavanger t/r ca 1200,- kostar dei pr tidspunkt..
@edit 22.01.07
Robert har bestilt billetter, Gjermund fyk jo omtrent gratis, så han trenge ikkje bestille enda, men seier han er klar :-)
I nærleiken av Munchen finn me følgande områder:
Saalbach / Kitzbühel / Bad Gastein / Lech / Ischgl / Schladming / Ramsau / Bad Hofgastein / St. Anton / Garmisch Partenkirchen / Kitzbühel / Zillertal
Lagt inn i Generelt | 12 kommentarer »