Jegrar / fangst
- Hans Magne / 2 fjellryper
- Reidar / 1 orrhøne, 1 orrhane
- Sigbjørn / 1 fjellrype
- Arne / 0 (1 spurv av barmhjertighet, knukket vinge)
- Monica og Mona / bra jaging
Base: Sigbjørns nyoppførte palass på Gullingen.
Lordag: Haugastøl (sandsa/reinsheia)
Søndag: Nedre Moen/Longanes
På plass i hytta fredagskveld, fekk me servert njudelig mat direkte fra Spa-hotell Velvære, og masse god drikka til. Seint i seng, førte til at me ikkje var veldig tidlig avgårde på lordagsmorning. Me var vel klare til å traske sånn i ti-tida.
Starta med bra vær, og dei to første fekk fyrt av skot omtrent før me var begynt å gå. Det var mykje skogsfugl i nedre deler av terrenger, Reidar hadde eit bra linjevalg opp lia og såg fleire orrfuglar i første stigningen, han fekk skote og truffe ei høna. Fin start.
Oppå «høgheia» var det lite fugl å sjå, og i to-tida kom uværet. Me hadde kaffi og mat under ein fin hidlar før me tok turen nedover mot skogsfuglen igjen. Eg og Arne såg tre orrhøner som me fulgte etter, men kom aldri på skothald. Litt seinare kom Reidar samme veien og fekk fellt ein orrhane.
Lordagskvelden vart det servert ein nydelig middag. Reidar fleska til med Bacondanderte rypebryst til middag, og rykande fersk eplekake med is og varme bær til dessert. Det vart litt tidligare kveld enn på fredagen.
Søndagen traska me ivei fra Nedre Moen og opp i snaufjellet. Eit ganske stort terreng, der det etterkvart vart observert masse fjellrypa. De dukka jevnlig opp fuglar, og eg snofla faktisk rett inn i ein flokk på ca 15 fuglar som letta omtrent 10 meter fra meg. Eg var lite beredt, hadde nett klatra opp ein fjellknaus med knekt hagle, så tok si tid før eg var skotklar. Altså bom.. Rett etter dette fellte Sigbjørn ei rype på «rifleavstand», så den vart det litt leiting etter.
Største flokken me såg var det iallefall 30 fuglar, dei fekk me aldri på skothald. Etter lunsjen satte Sigbjørn og Arne snuten mot Nedre Moen igjen, medan eg og Reidar hadde planar om å gå mot Napungen, krysse elva og komme opp i andre delen av terrenget (mot Sandsa). På vei utover fekk eg med meg to fjellryper i sekken. Me fann til slutt ut at me måtte snu, det var ikkje mulig å komme over elva, og turen rundt hadde blitt veldig lang. Me bestemte oss for å gå tilbake, og ned samme skaret som Arne og Sigbjørn. Ein klok beslutning, det hadde blitt mørkt og kaldt viss me skulle ha gått heile runden 😉
Fin helg. God mat og drikke, godt med fugl. Slik som det skal vere.
Ett svar til “Enkeljakt”
Ska sei dokken kjøre høg standard på maten på dessa turane dokkas! =)
Eg e imprignert;)