Så var seriesesongen igang

Hausten er komen, og seriane byrjar på nye sesongar. Eg har to seriar som eg plar få med meg. Me har jo omtrent ingen tv-kanaler i Paradis, så det er godt at studenten skaffer til veie episodane direkte frå andre sida av dammen.

Prison Break (imdb)

Prison BreakPrison Break har kommet til episode 5 av sesong 2, og eg har fått med meg dei første episodane. Ein særs undehaldane spenningsserie, som absolutt anbefales.

Sesong 1 slutta med flukten til åtte av dei insatte i fengselet. Sesong 2 ser ut til å handle om korleis dei klarer seg på utsida og i flukten fra myndigheten. Dei fem første episodane lever iallefall opp til forventningane.

Lost (imdb)

Lost04.10.2006 byrjar sesong 3 av Lost. Sesong 2 var av ymse kvalitet, så viss sesong 3 fortsetter i samme retning, så får me sjå om eg gidder å følge med på denne lenger.

Sesong 2 slutta med at ein gjeng av hovudpersonane blei tatt til fange av «The others». Så me får vel litt meir innsyn i kva det er som skjer på «andre sida av øya» iløpet av den kommande sesongen. Såg ein promo på youtube som forsåvidt såg lovande ut.

Nå manglar eg bare ein passande HTPC til heimekinoen. Den gamle travaren fekk heller oppgava med å overta fotoalbumet. Det er ikkje heilt det samme å sjå dei på laptopen 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *