Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

IRRVF – Jakta 2006 første fortelling

Stegg og hagle på stein
Statistikk: Jeger / fangst / dagar

  • Hans Magne Helland / 2 ryper (fjell) / 1 dag
  • Kjetil Helland / 0 ryper / 1 dag
  • Ingve Berge / 1 rype (li) / 2 dager
  • Cato Jensen / 4 ryper (3 fjell, 1 li) / 2 dager

I år har det seg slik at rypejakta starta på ein søndag. Derfor kombinerte me årets første tur med fisking.

Rekordfisk i UllsvatnetMe stakk opp til Ullsbu fredagskveld, var oppe ved hytta rundt klokka 21. Veret såg mørkt og basje ut. Men når me vakna på lordagen var det ganske så greit ver. Me fiska og slappa av på lordagen. Eg og Ingve satte eit garn og drog i land ein rekordfisk (37.5cm). Me fekk og fleire fine på stang, rundt 32-34 cm lengde. Så på lordagen vart me mette 🙂

Jensen mekka ny sengI kveldinga pakka me sekken og traska vidare opp til Reskjellhytta. Der var kvadratmeterstørrelsen nesten dobla etter at det vart bygd på ei «svål». Lordagskvelden vart det etterkvart stjerneklart, og det såg rektig lovande ut for søndagen. Jensen «snekra» seg ei seng uti svålå, og roen senka seg over Reskjell tidlig på kvelden.

Me var seige å få ut av senga søndagsmorning, men me kom oss avgårde rundt 0900. Det låg eindel morgontåke på fjellet, men denne letta etterkvart.

Det første me traff når me kom opp på høgheiå var to hjortar, mor og kalv. Dei var omtrent på skothold med hagle, dvs ikkje mange meter 🙂 Det byrja smelle fra andre jegrar lenge før me hadde sett fugl. Men etterkvart fann me og ut kvar dei var. Eg og Cato fekk lagt ned to kvar. NilsabuEi før lunsj og ei etter. Dei to første fekk me begge i området like rundt Reskjellnuten. Lunsjen hadde me ved Nilsabu, der me fekk servert rykande fersk kaffi og sjokolade av dei to erfarne jegrane som campa der. Medan me satt der og lunsja, såg me eit kull som satte seg i ei høgd. Me tok peiling mot dei. Og det var i området der eg og Jensen fekk våre 2 siste ryper for dagen.

Skarsheia og omegn - kartEg og Kjetil satte snuten heimover sånn rundt 17 på ettermiddagen, me måtte jobbe mandag. Sidan Ingve og Jensen blei igjen på fjellet, kunne me ikkje ta den vanlige båten heim att. Me padla over vatnet i verdens minste heimelaga kano, med det treffande navnet «Ormen Lange». Eg kan seie med eingang at det badekaret var ikkje konstruert for to staute karar, masse bagasje, hagler, fiskastenger og andre ting. Det var ikkje mange centimetrane som stakk over vassflata når me hadde fått stua alt ombord. Å padle Ullsvatnet på langs gikk likevel overraskande greit, trur nesten me var raskare enn båten med motor. 🙂 Og vatnet er ganske langt. (nede til venstre på kartet)

Har litt bilder som blir lagt ut når albumene.mine.nu er på plass igjen 🙂

16 svar til “IRRVF – Jakta 2006 første fortelling”

Sitte her å skyte etter byduer – jaggu ikkje lette å treffa dei heller. Men mest blåbærsylt? Syns nå Berjeguten MAULA vilt på det… 😉

Ser at det er kjetil som er rypenes best venn! Cato burde bli eksludert fra IRRVF med umiddelbar virkning! Denslags oppførsel hørre ingen plass heima!!

Slapp av!! Cato får kun dei han fikk nå han, nybegynnerflaks så det grine ette vettu! 🙂
Me andre bare venter litt, åsså tar ei etter ei, ikke alt på en gang, som cato.
Me må jo ha det litt gøy og få litt neste gang og.. hehe

Det va ein super tur! Fuglane ligg heime i kjøleskapet til mørning, så no vente eg berre på bilder. Både på yallaveven og på iberge.net.. Få gang!

Det var ikkje nåken direkte overraskelse at Kjetil ikkje kom heim med fjør i hatten, ser jo kje ryper når ein bare ser i bakken for å finne sopp!!!! Stå på Joppe! Cato kunne jo ikkje anna ennå vær den som fekk størst fangst, han jakta jo på det mest rype- sikkre løyvet der oppe den helgå!!! ( Jakta jo på underteikna sitt kort )
Sjøl vart det ei fin hjorteku på meg i helgå sammen med ein ungdomskamerat frå hyttedagane ved rørviksvatnet!! Han skaut og eg bar…..

Sankebua på Reskjell e jo ikkje akkurat stor. Med fire mann og to sengeplasser, så fann eg det sikrest å dra med eige telt. Vel oppe fann eg ut at det va betre å liggje slett, enn å ligge på ujamn lyng og einer. Koss dei tre andre inne i hytta ordna seg med liggjeplasser vil eg helst ikkje vite.. 😀

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *