// Yallaveven //

Versjon 6.2

Leik med bileter

30. September 2006 @ 15:02 av yalla

Stranddalshyttene lettere modifisertLeika meg litt med Photomatix og Photoshop igår.

Eg vart igrunnen nøgd med bilde av Stranddalshyttene. Ellers prøvde eg meg litt på hdr, men hadde ikkje nokre skikkelig raw-bilder å ta utgangspunkt i, så det blei jo så som så :)

Bildene på albumene.mine.nu.

Lagt inn i Foto | 1 kommentar »

Bursdagsselskap

27. September 2006 @ 11:00 av yalla

kakeIgår vart Kjetil aka Joppe eit år eldre.

Me feira med sjokoladekake og den gamle slageren; loff med gele og krem, med og utan smør! namnam.

Nesten som å vere tilbake på haustfest med Bygdavon 4H :)

Lagt inn i Generelt | 2 kommentarer »

Andre sida av veien

25. September 2006 @ 11:03 av yalla

Eg og Kjetil er nå dei lykkelige budvinnarar av andre etasje i «huset på andre sida av veien». Når ein først skal flytte, så er det greit å ikkje ha så store avstandar. Difor fekk me «blod på tann» når andre etasje i Godalsveien 2 vart lagt ut for salg. Me får til og med behalde den flotte utsikten, sidan terassen peikar i samme retning som nå.

Huset på andre siden av veienBoligtype: Leilighet
Eieform: Eier (Selveier)
Soverom: 2(3)
Boligareal: 79m²
Bruttoareal: 83m²

Godalsveien 2 på finn.no

Overtaking blir 27. oktober. Så da er det fram med malarkosten og godt humør. Herligheten blei litt billigare enn prisantydningen på 1.69 mill.

Lagt inn i Generelt | 8 kommentarer »

New time

24. September 2006 @ 23:20 av yalla

New time - 00:35.

Desse flyselskapa er no herk..

Nå sitte eg å henge på Gardemoen, har ikkje med meg pc så får ikkje sett filmar i ventetida.

Den eine kiosken som har åpent, har verdens lengste kø, så avishandel er uaktuelt. Fann meg eit forlatt Se&Hør nå! Höydare :)

Lagt inn i Generelt | 2 kommentarer »

Så var seriesesongen igang

20. September 2006 @ 11:22 av yalla

Hausten er komen, og seriane byrjar på nye sesongar. Eg har to seriar som eg plar få med meg. Me har jo omtrent ingen tv-kanaler i Paradis, så det er godt at studenten skaffer til veie episodane direkte frå andre sida av dammen.

Prison Break (imdb)

Prison BreakPrison Break har kommet til episode 5 av sesong 2, og eg har fått med meg dei første episodane. Ein særs undehaldane spenningsserie, som absolutt anbefales.

Sesong 1 slutta med flukten til åtte av dei insatte i fengselet. Sesong 2 ser ut til å handle om korleis dei klarer seg på utsida og i flukten fra myndigheten. Dei fem første episodane lever iallefall opp til forventningane.

Lost (imdb)

Lost04.10.2006 byrjar sesong 3 av Lost. Sesong 2 var av ymse kvalitet, så viss sesong 3 fortsetter i samme retning, så får me sjå om eg gidder å følge med på denne lenger.

Sesong 2 slutta med at ein gjeng av hovudpersonane blei tatt til fange av «The others». Så me får vel litt meir innsyn i kva det er som skjer på «andre sida av øya» iløpet av den kommande sesongen. Såg ein promo på youtube som forsåvidt såg lovande ut.

Nå manglar eg bare ein passande HTPC til heimekinoen. Den gamle travaren fekk heller oppgava med å overta fotoalbumet. Det er ikkje heilt det samme å sjå dei på laptopen ;)

Lagt inn i Film | Skriv ein kommentar »

People who dont know their limitations

19. September 2006 @ 15:34 av yalla

Nesten som ein skulle skrevet det sjølv :)

People who dont know their limitations

Lagt inn i Generelt | 1 kommentar »

« Eldre innlegg