Kategorier
Generelt

Hest

hestatryneIgår spelte eg på hest for første gang. Hest er ålreite dyr. Men dei sprang ikkje i den rekkefølgen eg ville ha dei.

Mat og hestakongen i Paradis skrøyta fælt av kor lett det er å vinne på hest. Velvel, eg og Joppe satte 30,- kvar. Me skulle plukke ut tre hestar kvar, i eit heat med ti, og ein av dei måtte vinne løpet. Sjølvsagt plukka med tre forskjellige for å auke sjansen for at iallefall ein av oss vant. Me valgte ut dei seks hestane med lågast odds, for då var me jo nærmast garantert seier.

HestatryneMe gjekk på ein smell når me fant ut at heat 6 på Øvrevoll var galopp og ikkje trav. Galopp føler eg er meir bingo, der er jo alt lov. Men hest er hest.

Me tapte! Blei ikkje noko snopepengar av hestaspelingå. Neste gang skal eg satse på trav! Desse galopphestane er ikkje til å stole på.

3 svar til “Hest”

Fantastisk. Hest er best. Hvis me hadde satsa penger på oddsen for at me ikkje ville vinne, så hadde me vært RIKE!

«En hest er en hest» hørtes ut som ei koselige bok. Lest den?

Det var altså 10 hestar med i løpet, og dykk satsa på dei som i utgangspunktet skulle være dei seks kjappaste – og likevel var det èin av dei andre fire klønene som vant. Ein dårlig dag.

Hadde forresten gevinsten blitt høgre enn innsatsen om ein av dei seks hestane dykkar hadde vunne? Det hørtes iallefall litt for bra ut til å vera sant.

Ettersom eg har stor tru på oddspekulanten Joppe, trur eg at gevinstane snart vil rulla inn. Men ting rullar sjeldan utan sulky. Heia trav.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *