Bad Gastein 2006

Alle-mann-alle

  • Yalla
  • Synnøve
  • Joppe
  • Bjarte
  • Mr. Fister
  • Guro
  • Lars
  • Øvstebø
  • Olè
  • Olav
  • Linda
  • Sigrid
  • Mazza

Rekordmange som reiste nedover i år. Første kvelden blei brukt til å finne hotellromma, skistall og å handla nødvendig skredutstyr for dei som mangla det.

Søndag 12.03

Me stakk tidlig opp til Stubnerkogelbahn for å skaffe heiskort og hente ski. Sporten var stengt, og rasfaren relativt stor. Derfor blei det til at me cruiste skog første dagen. Me holdt oss i Angertal, i skogen under gondolen for dei som er kjende. Herlig og djup fjørlett snø blant trea. Me var bortom Hamburger Skihütte og fekk trødd i oss ekte pytt-i-panne; Tyroler Gröstler mit Ei. Solide saker.

Afterskien var stappfull, omtrent ikkje mulig å bevege seg i lokalet på Silverbullet, men til slutt fann me ein ledig spot i trappa. Så det blei to-tre øl før me lurte oss kvart til vårt for å få no mat.

Mandag 13.03

Sportgastein åpnet idag, for første gang på nesten to veker. Strålande sol og uante mengder med urørt powpow! Heilt ubeskrivelig! Me var tidlig oppe, og satt i første gondolen. Ikkje eit skispor i mils omkrets. Var ikkje mange som hadde fått med seg at Sporten var åpen, for det var lite folk, noe som passet oss heilt perfekt.

Fekk kjørt store vide sider på toppen, samt nydelig skogskjøring i nedre halvdel. Freshe spor heile dagen.

Avslutta dagen med North Abfarth (baksiden av Sporten, mot Bad Gastein). Første gang for min del. Måtte holde oss til ‘trygge’ flater på grunn av rasfaren, men likevel über.

Sesongens desidert beste skidag.

Afterskien idag var ikkje fullt så stappfull, men fortsatt folksom. Garnier hadde hair-styling på afterskien, og eindel av oss våga oss frampå for å få styla lokkene, enda med ymse resultater. Etter afterskien gikk turen vidare til Gatz og enda seinare til Heggbloms.

Tirsdag 14.03

Sportgastein idag igjen. Dårlig sikt på morningen, men letta utpå formiddagen og blei omtrent like fint som dagen før. Fortsatt masse urørt å velge blant uten å måtte gå en meter. Prøvte oss eindel på skiers left, men der var det ikkje mykje grunnlag og samtlige fekk oppleve solide shark-attacks.. Skogen var fortsatt perfekt, selv om eindel av spora vår fra dagen før fortsatt var der.

Avslutta igjen med North Abfarth. Eg, Lars, Mr.Fister og Øvstebø syns ‘transportveien’ ned blei for kjedelig, så me fant ei åpning i skogen der me kasta oss utføre, planen var å treffe på transporten lenger nede.. Det var jo herligt, iallefall i begynnelsen. Skogen blei tettare og tettare, og brattare og brattare, og ingen viste kor det kom til å ende. Men etter mykje kav, svette og dropping i hytt og ver så enda me opp i Böckstein, ikkje langt fra Bad Gastein. Ei fin oppleving 🙂

Afterskien idag tok av for eindel. Elton Bolton (bandet) var på topp, og me fekk vrikka rockefoten.

Onsdag 15.03

Idag falt valget på Schlossalm. Me holdt oss i området mellom Höhe Scharte og starten på Schlossalmbahn (70 mannsgondolen). Fekk prøvt ut velkjende områder rundt H1, samt utforska litt nye spor. Fant ei bratt og fin sida med bunnløst pudder, mellom Schlossalmbahn og H1. Joppe meinte runnet hans ned sida der var nok til å toppe mandagen i Sporten. Ikkje alle var enige. Men herligt var det uansett.

Synnøve kom rasande fra Oslo.. 🙂 Utpå kvelden koste me oss i Felsentherme, i rykande varmt radon-vatn. Noko dei seier skal vere sunt. Nokre hadde hatt litt mange øl på afterskien og fjolla rundt omkring.. Idolet hadde hatt så mange øl på afterskien at han aldri kom seg til radonvatnet i det heile tatt..

Torsdag 16.03

Schlossalm igjen. Veldig dårlig sikt dei fleste steder. Toppen av Höhe Scharte var over skodda, så me kjørte nokre linjer i området rundt H1. Ca 100 høgdemeter fra skogen kom skodda og me kjørte på god gammel vane og ein porsjon flaks.. Plutselig traff me på skogen på nøyaktig rett sted. I midten var skodda så tett at me til tider måtte bruke skredsøkerene for å finne kvarandre 🙂

Afterski med Elton Bolton igjen. Blei ein ganske sein kveld for dei fleste. Garnier Hair Style Night på Gatz, med kåring av vinneren fra styling session på Silverbullet tidligare i veka. Diverre ingen av oss som vant.

Fredag 17.03

Nokre var tidligare på beina enn andre idag. Og medan me satt i bussen på vei til Sporten fekk me beskjed om å hoppe av, for det var elendige forhold der oppe. Derfor enda det med at eg, Synnøve og Kjetil for til Schlossalm, medan resten aldri kom tilbake fra Sporten. For det hadde seg slik at nordsida av Sporten likevel hadde fantastiske forhold. Men me som for til Schlossalm hadde og ein veldig fin dag.

Begynner å bli litt ‘påske-snø-tendenser’ og kun sidene som vender vekk fra sola har beholdt pudderet.

Rolig afterski for eindel idag, men nokre av dei som skulle reise lordagen, fann ut at dei måtte feste fra seg siste dagen.

Lørdag 18.03

Dei aller fleste reiste idag, bare eg og Synnøve blei igjen. Me booka oss inn på Hotel Krone, klare for ei halv veke ekstra.

Enda opp i Schlossalm igjen. Skikkelige ‘påsketilstander’ med slush og strålande sol. Solsidene har masse slush, medan dei sidene som vender bort fra sola fortsatt har pudder. Så me holdt oss i området rundt H1 og fekk kjørt eindel urørte sider.

Ingen afterski idag. Elton Bolton har pause og lader opp til hard uke med ny ladning opplagte turister.

Søndag 19.03

Sportgastein. Kom oss ombord i 10-bussen. Strålande sol. Sporten var ikkje bra idag. Alt var hardt på ‘Gondol-sida’. Så ca 11:30 heiv me oss utføre North Abfarth, her var det fortsatt pudder, men veldig oppkjørt, såg på sida som Lars og Mazza hadde tatt på fredagen (halvtime trasking), men nå var jaggu den og oppkjørt over alt.. Fant fram til nokre lokasjoner der me fekk tatt litt svinger i urørt snø. Heiv oss på bussen igjen og for opp til Stubnerkogel. Her fant me ei fin side, som var relativt urørt. Lekte oss i den resten av dagen.

Ny ladning med svensker og nordmenn fra STS-alpereiser fører til masse folk på afterskien. Eg og Synni tok oss eit par øl og ein burger før me traska heimover til Krone. Kvelden blei tilbrakt i Felsentherme.

Mandag 20.03

Schlossalm og Stubben. Utrulig fint ver, varmt, knallblå himmel og dønn vindstille. Sporte oss fram til nokre urørte sider fra H1-traseen og ned mot skogen, samt lekte i samme siden som me var i på søndagen. Fin dag.

Synnøve har blitt litt småsjuk, holdt ut heile dagen i bakken, men har ligget i sengen etterpå, så ingen afterski idag.

Tirsdag 21.03

Synnøve slite fortsatt med sjukdom, så kanskje greit at det var avreise fra Gasteinerdalen idag. Før me reiste ga eg skia mine noko dei virkelig fortjente, ein ‘VIP Skiservice’ hos Schober. Nå er dei gode som nye, og klare for resten av vintersesongen heime i Norge.

Me heiv oss på toget med retning Salzburg. Booka oss inn på YoHo-hotell. Billigt og greit nok. Traska ein runde i gamlebyen og fekk masse kulturelle intrykk. Hadde lunsj på ei kebabsjappe på hjørna. Kvelden blei tilbrakt i puben på YoHo, der det var ‘Your DJ-night’. Me var for seint ute til å få ført opp no norsk rock’n roll på lista..

Onsdag 22.03

Borte bra, hjemme best(?) – heim til Stavanger.

Bilder

Bilder på Yallaveven
Bilder på olavhelland.com

Og det kjem forhåpentligvis litt meir bilder fra resten av folket etterkvart..

Posted in Ski

5 thoughts on “Bad Gastein 2006

  1. Meget bra, Yalla!

    Eg har ein kule drop serie av deg og Lars i «løypa» ned til Böckstein.
    Må få dei øve te deg på ein elle aen måte…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *