Det blei ein innhaldsrik lordag igår. Eg, Kjetil, Ingve og Oddbjørn fann ut at det hadde vore godt med noko alternativ mat, orka ikkje fleire grandiosaer. Sidan veret var perfekt så måtte jo utflukten kombineres med litt asfaltsurfing, så eg og Kjetil slengte longboarda i bilen. Deretter satte me kursen mot Sirdalen.
Me tok middagen i Byrkjedalstunet, der hadde me pinnakjøt, juletallerken, rømmegraut m/spekemat, moltekrem, riskrem, lefsa og kaffi. Maten var aldeles fantastisk, beste eg har smakt sidan forrige jul *anbefales*.
Etter at middagen var betalt og oppeten, tok me turen vidare innover. Me kjørte opp til 2. hyttelandsbyen i Hunnadalen, der hoppet eg og Kjetil ut av bilen, kledde oss opp og slengte oss på longboarda. Det var kaldt, ca -2c . I begynnelsen var det is og snø i midten av veien, så det var ikkje så godt å cruise svinger. Men etterkvart så blei det fin asfalt og tørre isfrie veier. Var ei fin cruiserute, med fine bakker med nokre brattare partier, ifølge gutta i bilen bak var det hastigheter oppimot 50km/t, ikkje rart det rista i føtene etterpå 🙂 Det var veldig lite trafikk, og dei få som kom tok fint hensyn når dei såg vår følgebil med nødblinken på 🙂 Iskalde og sletne i beina hoppet me inn i følgebilen ved bomstasjonen lenger nede i dalen.
– Ingve har og skrevet nokre ord om lordagen..
– Mobiltelefonbilder fra turen.
2 svar til “Byrkjedalstunet og longboard ned Hunnadalen”
Rett og slett kjekt! 😀 Kjekke aktiviteter kombinert med særs god mat og litt øl e jo slik livet skal levast!
Kan knappast værta betre 🙂