27. November 2005 @ 13:47 av yalla




Det blei ein innhaldsrik lordag igår. Eg, Kjetil, Ingve og Oddbjørn fann ut at det hadde vore godt med noko alternativ mat, orka ikkje fleire grandiosaer. Sidan veret var perfekt så måtte jo utflukten kombineres med litt asfaltsurfing, så eg og Kjetil slengte longboarda i bilen. Deretter satte me kursen mot Sirdalen.
Me tok middagen i Byrkjedalstunet, der hadde me pinnakjøt, juletallerken, rømmegraut m/spekemat, moltekrem, riskrem, lefsa og kaffi. Maten var aldeles fantastisk, beste eg har smakt sidan forrige jul *anbefales*.
Etter at middagen var betalt og oppeten, tok me turen vidare innover. Me kjørte opp til 2. hyttelandsbyen i Hunnadalen, der hoppet eg og Kjetil ut av bilen, kledde oss opp og slengte oss på longboarda. Det var kaldt, ca -2c . I begynnelsen var det is og snø i midten av veien, så det var ikkje så godt å cruise svinger. Men etterkvart så blei det fin asfalt og tørre isfrie veier. Var ei fin cruiserute, med fine bakker med nokre brattare partier, ifølge gutta i bilen bak var det hastigheter oppimot 50km/t, ikkje rart det rista i føtene etterpå :-) Det var veldig lite trafikk, og dei få som kom tok fint hensyn når dei såg vår følgebil med nødblinken på :-) Iskalde og sletne i beina hoppet me inn i følgebilen ved bomstasjonen lenger nede i dalen.
- Ingve har og skrevet nokre ord om lordagen..
- Mobiltelefonbilder fra turen.
Lagt inn i Generelt, Surfing | 3 kommentarer »
23. November 2005 @ 21:26 av yalla

Fjellstølhytta er i år okkupert av yallaveven++ nyttårshelga! Hytta ligg midt i skitrekket, så det blir ski-in og ski-out. Dette er same plass som me feira overgangen til 2005. Då var det stor suksess, og me rekne med å toppa heila skiden denne gang.
Mazza har sagt han kan lage ribba, Steinar er klar for nye rakettskiforsøk, Jensen er klar til å rope på elgen, Safety Dance ligg klar på iPoden og alle andre er klar for maks gass!
Lagt inn i Generelt, Ski | 31 kommentarer »
20. November 2005 @ 21:25 av yalla
Fredag var som sagt dagen for visning av Kong Vinter II på Javel. Det kom ein heil del folk. Mange kjente, og mange ukjente. Bjarte vann 2 dagskort i Svandalen skisenter og ei t-skjorte av no slag. Alt var bra, men ca klokka 22:30 gikk brannalarmen og både Javel og Checkpoint Charlie måtte evakueres grunna røykutvikling i eit sikringsskap. Me fekk iallefall sett ferdig filmen før evakueringa starta :-)
Den gode stemninga spreidde seg for alle vindar, deriblant på Broremann, seinare på Crazy Pianobar. Det heile blei avslutta med ein kaffitår hjå Joppes arbeidsgivar.
- Bildene fra kvelden.
Lagt inn i Ski | 1 kommentar »
11. November 2005 @ 23:42 av yalla
Kongen kommer til Stavanger. Det blir visning på Javel Nattklubb fredag 18. klokka 20:00. Dette er noko alle i Stavanger og omegn bør få med seg. Kanskje klarer me å skape like mykje ‘hygge’ som det var på premieren i Oslo.
Filmen er laget av gjengen bak bigtrix.com, deriblant ein hardtslåande(?) volleyballspelar frå Hjelmeland.
Last ned Kong Vinter II teaser (7.2mb wmv).
http://bigtrix.com.
Lagt inn i Ski | 28 kommentarer »
8. November 2005 @ 19:27 av yalla
Idag ramlet det inn mail frå markeds- og presseansvarlig i Sauda BCC. Sett av helga 7.-9. april 2006, då blir det action i Sauda skisenter!
Det er snart klart for vinteren - og den kalde fine tida! Det betyr snø i fjellet, og for andre gang i historien arrangeres Sauda Backcountry Challenge. Sauda BCC 2006 vil gå av stabelen palmehelgen i påsken - fra 7. til 9. april.
- Ohgy Wan Kenoby!
Last ned SaudaBCC_pressemelding.pdf (67kb).
http://saudabcc.com.
Lagt inn i Ski | 13 kommentarer »
7. November 2005 @ 20:41 av yalla
Yallaveven har idag arrangert ein stor juleøltest. Til glede for store og små. Testen vart sjølvsagt utført som ein blindtest. For å få rette stemningen under testen, vart det og handla inn mandariner, julesjokolade og pepparkaker. Sidan me gløymde kvitteringa, er ikkje prisen tatt med i vurderinga. I denne blindtesten tok vi og med ei standard grøn tuborg (standard lordagsøl), for å sjå korleis det slo ut på resultatet… Me hadde kun 0.33 flaskeøl i testen.
Testpanelet består av to særs erfarne ølkonsumentar

Følgande ølsortar vart testa:
- Tou Juleøl
- Ringnes Juleøl
- Ringnes bryggerimester spesial julen 2005
- Dahls Juleøl
- Tuborg Juleøl
Les resten av innlegget »
Lagt inn i Testar | 13 kommentarer »