Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Jakt 2005 – Del 1 – Return of the birds

Jegrar:
Happy Hunters

  • Hans Magne
  • Kjetil
  • Ingve
  • Cato

Lokasjon: Skarsheia.

Turen starta som alltid bra, med forsinkelser fra første stund. Starta med at Ingve og Kjetil måtte stå over ei ferje i Stavanger grunna masse bil. Det var ei morsom helg, fuglane var tilbake frå kor enn dei har gjemt seg dei siste åra.


Fredag
Som nemnt sprakk tidsplanen, og me var avgårde fra Rød klokka 19:15, ein time og 15 minutt etter skjema. Det hadde alt byrja skumre, men veret var fint så det gikk greit opp til vatnet.

Me fikk sjøsatt skutå, sveivt igang maskineriet og starta turen over vatnet. Sånn midtveis på vatnet byrja båten gå sakte, og Ingve meinte an var blitt litt fuktig på beina.. På me hodelyktene, og jaggu var båten full med vatn.. Nokre av sekkene var og blitt rektig så våte og gode. Kaptein og maskinist Berge hadde glemt å proppe i bånnpluggen på skuta. Så det blei ei stund heftig aktivitet med ausing og berging av ryggsekker, men til slutt kom med oss over til Ullsbu.

På Ullsbu pakka me med oss ved til helga, og starta på siste etappe på turen. Det var ei tunge bør i stupande mørket fra vatnet og opp til Reskjell. Men når me endelig kom opp sånn rundt 21:15, var alle glade og fornøyde. Jensen slo opp soverommet sitt (les: teltet), og etter det var det mat og kos resten av kvelden. Kraup i soveposen sånn rundt 01:00.

Lordag
Samstundes med ljoset steig me ut av soveposene, klokka var ca 0630, og me trødde igang fra hyttå ca 0730. Veret var bra, men det blåste noko infernalsk oppå heiå.

Første timen såg me lite og ingenting til fuglane. Men etterkvart byrja me skimte fugl. Eg, Ingve og Kjetil såg eit kull på 5 fuglar som me fulgte etter innover Båsabudalen. Fuglane var blitt heilt kvite, så me såg dei ganske godt når dei satte seg. Men dei såg oss godt og, og når me nærma oss så flytta dei seg bare eit par hundre meter og satte seg til igjen. Hadde vert fint med ei rifla der oppe denne dagen faktisk 🙂

Etter ei stund satte me oss i ly for vinden ved Nilsabu, då såg me dei same 5 fuglane komme og sette seg i ei steinur 5-600 meter borte. Me planla eit skikkelig kommandoraid for å omringe fuglane, og få has på ei fjør og to. Eg blei sendt som ensom snikar, planen var at eg skulle komme rundt dei på oppsida og så viss eg kom nær nok plapre dei sjølv, eller viss dei såg meg, skremme dei ned over resten av folket. Planen var god. Eg kom nesten tett nok til at eg kunne tatt fuglen som sat og haldt vakt. Men 50-60 meter var litt drøyt hold, så eg prøvde å snike litt til, då fekk dei snusen i meg og fauk ut over Kjetil, men han fekk ikkje hasen på dei.

Like etter såg med eit kull på 15-20 fuglar, dei fann me aldri igjen. Men me såg og fleire småkull på 4-5 ryper, samt nokre ensomme fuglar. Cato fekk jaggu hasen på ei ensom rype som han kom over. Han fekk god tid og tok den sittande bakfrå, medan fuglen ante fred og ingen fare 🙂 Fast fugl i bagasjen. Me såg fugl jevnt og trutt, men kom aldri innpå dei.

Me tok lunsj i le for vinden, fyrte opp kvar vår feltrasjon fra forsvaret. Godsaker. Ingen hadde tatt med seg skei, så det blei masse slurping og slafsing. Alle fekk maten i seg for det..

Me var tilbake med hytta sånn ca 16:30. Ein fin dag på fjellet. Fuglane var tilbake på Skarsheia og alle var egentlig fornøyde. Litt skuffande at bare ein fugl var med tilbake til hytta, men nå veit me iallefall at det finnes fugl der oppe. 🙂 I fjor såg me vel toalt 2 ryper iløpet av dei tre turane me var oppe.

På kvelden blei det ein bedre middag, jaktkaffi og nokre happy-hunters i glaset. Var i posen rundt 02:00.

Søndag
Veret var dårlig. Ingen jakt idag, men solid rydding i hytta, fjerning av mus og muserester. Kom oss avgårde fra Reskjell peiling Rød ca 12-13. Slik at me skulle vere i Stavanger til normal tid.

Alt i alt ei trivelig helg. Såg eindel fugl. Så det blir vel nokre turar til oppover i haust 🙂

Kjem nokre bilete frå turen ikveld.

11 svar til “Jakt 2005 – Del 1 – Return of the birds”

Synest snart Happy Hunters bør skifta navn til IRRVF (indre ryfylke rype-vern forening)..hahah..

Rypevern og jægermeisster tjuefira timar i døinet…

IRRVF (indre ryfylke rypevern forening) var faktisk eit knakande godt forslag. Får ta det opp på neste styremøte 🙂

Trur kanskje det kan bli fleirtal.. hehe

«Håpe ikkje dåkke bruke rypekjøt som den fremste protein-kilden for bebuarande i Godalsveien…»

Tjaa.. visst me slær køn sammen sø he me væl nøk te ein middag iallfall…
Eg he nokre årgangsrupur i frysen au, i tillegg te dei eg fekk tidlegare i haust. 🙂

@loftis
Me får snart arrangere ein god(als) ljupemiddag. 😉

Eg kan bidre med ein orre iallefall hihi.. så får me sjå kva som skjer på skarsheia etterkvart..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *