Kategorier
Ski

Stryn 2005 og WTS 2005 Grand Slam

FolvenplenenDå var ferien over for denne gang. Første veka var me på Stryn Sommerskisenter og Folven. Var ikkje 100% klaff med vêr og vind, men ellers ein fortreffeleg tur. Folven er alltid supernais, og spesielt St.hans feiring på Folven. I år var det santhansbål på ‘Folven-måten’, brukte ei campingvogn 🙂 Det var og veldig fint å få snø under beina igjen, har jo vert 2 månader sidan sist.

Eg har eindel bilder som skal publiserast, Ivan har enda fleire. Dei kjem ut iløpet av kun kort tid. Eg har bare bilder fra mandag til torsdag. Rota vekk kamera, men fant det igjen når me kom heim til Stavanger.

St.hansbaal paa Folven maaten Mandag til fredag var det eg, Synnøve, Bjarte og Ivan som var der oppe. På fredag kom Inger, Turi, Åse Marie og Valbjørg og oppom for ei langhelg. Me vart heile veka tatt særs godt tatt vare på av sjefen sjølv; Åge aka Oghy.

Dagane det var stengt i fjellet grunna tåke og dårlig sikt, leika me oss i badebassenget nede i Stryn sentrum, eller på golfbanen også nede i Stryn. Bjarte demonstrerte stupebrettkunstene sine, og presterte å få stengt stupebrettet eine dagen.. 😉

Siste veka i ferien blei tilbrakt i Stavanger. Her vart det arrangert World Tour Stavanger, for sjette året på rad, dette året med Grand Slam status og enda meir folk. Det var sydenstemning i byen, med fint vêr og sol.

Nå er ferien over for ei lita stund. Skal ha to veker til, men ikkje heilt fastsatt når det blir. Men rekner iallefall med at den eine blir til hausten når jakta har starta.

Yalla sine bilder fra Stryn 2005.

PS: Bildene til resten av gjengen kjem så fort eg får dei inn!

4 svar til “Stryn 2005 og WTS 2005 Grand Slam”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *