23. June 2005 @ 17:41 av yalla
Idag var det småfuktig i bakken, men det kom seg utover dagen. Når me kom oss ned til Folven utpå ettermiddagen, så letta skyene og sola seig på! Herrlich!
Bjarte fekk testa “monsterskia” (les: 2x snowboard med alpinbindinger), men han cruncha eine bindingen når han skulle teste dei i parken.. Kanskje ikkje der dei høyre heime, men var verdt eit forsøk..
Ivan og Ian reiste nett ein snartur til Stadt for å ta knekken på nokre bølger.. Rekne med dei overlever det, og kjem attende imårå..
Nå er det meg, Synni, Bjarte og Lise som rocke campen. Men etter planen så blir det tilsig av mucho folk imårå..
Vermeldinga for helga lover godt, så nå blir det nok litt backcountry-cruising :-)
Lagt inn i Ski | 3 kommentarer »
21. June 2005 @ 16:00 av yalla

Etter ein lang kjøretur igår/natt kom me endelig fram til Folven! Fikk booka oss inn på ei finfin hytte!
Idag var me oppe og cruiset slush! Snø er det massevis av, skredfare og.. Derfor holdt me oss i trygge omgivelsar til snøen har satt seg :-) Parken er utvida ein god del sidan ifjor, men den var ikkje akkurat nyshapa idag, men fekk iallefall trent “fartstilpasning” :-)
Veret var greit på dagen idag, nå har det begynt å yre litt.. Men i god Folven-tru så kikkar snart Nelly fram igjen!
Har nå fått hukka opp ein pc, og lagt ut to små bilder.. det eine er brøytekanten på vei opp til trekket, det andre er Bjarte på ein snurr i parken.
Lagt inn i Ski | 3 kommentarer »
17. June 2005 @ 18:01 av yalla
14 dager ferie fra og med idag :-)
Søndag går turen til Sand for å pakke ski og andre ting ein treng for ei veke på Stryn. Mandag stikke me til Folven Camping. Det komme til å bli heilt fantastisk.
I år er det så mykje snø i fjellet at dei streifer rekord. Se også brøytekantene fra åpningshelgen :-)
Mads måtte trekker seg pga jobb, så då er det følgande som reiser opp på mandag:
- Hans Magne
- Synnøve
- Bjarte
- Ivan
I tillegg så jobbar jo Lise som ‘heisbitch’ der oppe og Steinar, Inger(?), Turi og nokre kompisar av ho kjem til siste helga.
Sjå bilder fra Stryn i Album » Skiturer_og_bratte_fjell.
- Strynefjellet.com.
- Folven Camping.
Lagt inn i Ski | 1 kommentar »
16. June 2005 @ 14:36 av yalla
Er den slått av, så er det vel ikkje noko å gjera med det.. Fekk ei finfin feilmelding frå Norton Antivirus 2005 idag.. Den meinte datamaskinen var slått av og måtte gjera noko med skriptet. Kva den skulle gjere veit ikkje eg.. Rart eg såg noko i det heile tatt sidan datamaskinen var slått av..
Eg vil nå og påstå at det ikkje var så veldig ondsinnede ting eg dreiv med.. Skulle jo bare avinnstalere Microsofts powertoy, TweakUI.
- Stort bilete.
Lagt inn i Generelt | 8 kommentarer »
15. June 2005 @ 11:58 av yalla
John Travolta, Uma Thurman, Steve Tyler, Christina Milian, Danny DeVito og The Rock er nokre av skuespelarane som er med i filmen ‘Be Cool‘. F. Gary Gray har regissert filmen, og han har gjort ein god jobb.
Veit ikkje heilt kva kategori eg skal hive denne filmen i? Du ler iallefall godt mange ganger, så eg kaller det ein komedie :)
Både Black Eyed Peas og Aerosmith m/Christina Milian opptrer i denne filmen, så dei har klart å dryle inn eindel musikk. Og det er jo den beinharde musikkbransjen filmer handler om. Her er det innblandinger fra russisk mafia og andre ‘knallharde folk’.
Filmen anbefales.
- Filmen hjå IMDB.
Lagt inn i Film | Skriv ein kommentar »
13. June 2005 @ 22:19 av yalla
Gwyneth Paltrow, Jude Law og Angelina Jolie spiller i denne utrolige filmen. Ei eventyrlig reise i ekte James Bond stil.. Ein kjekk film for unge gutar og jenter, som ønskar ei romantisk og actionfyllt avslutning på mandagskvelden.
Som alle andre filmar endar denne filmen godt, Jude og Gwyneth blir kjæraster og dei dryle den store stygge skurken i siste scenen..
Og ein ekstra höydare er jo å sjå slike filmar med Groven, for då blir det alltid litt hyling og skriking i ’skremmande’ scener.
Eg vil gi denne filmen ca gode karakterer på ein skala.
Filmen hjå IMDB.
Lagt inn i Film | 5 kommentarer »