Super Size Me

Supersize MeI dag hadde eg faktisk tenkt til å sjå Titanic. Men sidan HTPC-en min ikkje ville spela den, så gikk eg for Super Size Me.

Eg, Tor Øyvind og Olav var på Burger King idag, og der fortalde Tor Øyvind kor ofte han spise junk-food. Eg trudde nesten ikkje det var mulig 🙂 Men etter å ha sett Super Size Me, så forstår eg at det går.

Det eg blei mest imponert av i den filmen her var Don Gorske. Han har spist 19.852 Big Macs i sitt liv, i snitt 2-3 til dagen. Første dagen han smakte Big Mac åt han 9 stk, og iløpet av første månaden 265 stk. 90% av kostholdet hans består av Big Mac.. Han var faktisk ikkje overvektig eingang. Ein artig skrue..

Ein heilt grei film. Absolutt verdt å få med seg. God karakter på ein skala.

Super Size Me hjå IMDB

5 thoughts on “Super Size Me

  1. Herlig at liten cola er 0,5 liter. 🙂 Samtidig som det går an å få 1,5 liter på super size-menyen. Men blei den tatt av tapeten? Husker ikkje heilt filmen i detalj så lenge etterpå..

  2. Det fine var jo dei kannene med 2 liter brus.. Han som låg på sjukehus drakk 3-4 av dei daglig.. Dvs 6-8 liter cola kvar dag. Det var dog ikkje hjå McDonalds..

    Supersize blei kutta ut tre mnd etter filmen var vist.

  3. Kor mye tror du han knallen som visst nok hadde levd på bigmac heile sitt liv fikk betalt for å si nettopp det??

    Han i filmen fikk jo nesten leversvikt etter 3 uker på en sånn diett..

  4. Spurlock hadde ein litt meir radikal meny enn 2-3 big macs til dagen. Han hadde 3 fulle menyer kvar dag.

    Gorske ete 2-3 big macs daglig, men aldri pommsen foreksempel 🙂 Han fekk sikkert nok penger for å vere med i filmen.. Men ein skal jo alltid tru på ting ein ser i dokumentarer.. Særlig amerikanske!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *