31. May 2005 @ 20:35 av yalla
Firstprice tilbyr produkter i alle fasonger og varianter.. Nå som me har fått Kiwibutikk i nabolaget så har eg begynt å handle Firstpriceprodukter, og eg blir stadig overrasket over både pris og smak :)
Ta foreksempel colaen.. Kven hadde trudd at det skulle gå an å drikke noko anna enn Coca Cola? Faktisk så er Firstpricecolaen mycket bra! Pizzaen duger, og du får 3 stk. for drøye 20 kroner. Ketsjupen går det ikkje an å klage på, og ein kilo Firstpriceketsjup er billigare enn ein halv kilo Idun tomatketsjup.. Kven smaker forskjell på spagetti?
Nå kan eg ikkje påstå at eg er kresen i smaken, men eg har enda ikkje smakt eit Firstpriceprodukt som smakar vondt.. Og når prisforskjellen er så stor.. Ja da er valget lett :)
- Et utvalg Firstpriceprodukter fra kjøkkenet :)
- Matvaretest fra Art oft taste TV2 hjelper deg
Lagt inn i Generelt | 22 kommentarer »
30. May 2005 @ 10:43 av yalla
Ja då har eg hatt Ubuntu innstalert på laptopen min i ca ei veke. Det er maskinen eg bruker til alt, også i det daglige arbeidet på jobb. Overgangen har sålangt gått over all forventning.
Sliter foreløpig litt med multimedia, men rekner med det er min feil og ikkje Ubuntu sin. Så satser på å finne ei løysing på problemene.
For å teste ut vevutvikling i linux, så lagde eg versjon 5 av Yallaveven, det gikk veldig greitt. Screem fungerte fint som erstatter for EditPlus, den var faktisk langt bedre på visse områder. Det eg sakna stort, var muligheten til å åpne ftp-lokasjon i ‘filstrukturen’, slik at eg kunne jobbe rett mot vevtjenaren, uten å måtte laste opp filene via ftp i annet program etter at jeg hadde redigert dei. Nokon som har ei løysing på det problemet så er eg evig takknemlig :-)
Sjølv om eg nok vil møta på uendelig antall problemer og spørsmål på grunn av min manglande kunnskap innan GNU/Linux, kjem eg til å behalde Ubuntu på laptopen. Det finnes ikkje problemer, bare umulige utfordringar :-)
Lagt inn i Generelt | 7 kommentarer »
29. May 2005 @ 16:39 av yalla
Haukelisæter - Vassdalseggi (1658moh) - Bleskestad på ski. Det var planen for søndagen. Dei glade vandrarar var meg, Reidar Lerang og Arne S. Mehus. Me for opp lordagsettermiddag, parkerte ein bil på Bleskestad og kjørte videre til Haukeliseter. La oss inn på Turistforeningen sitt “hotell”, hadde ein fortreffelig tre-retters i restauranten og såg ‘Gladiatoren‘ før kvelden seig på.
Vermeldingane for helga var heilgardering med sol, skyer og regn samt litt vind. Så me var ikkje fryktelig optimistiske med tanke på søndagsveret. Vakna opp til vind, regn og tett tåke på søndagsmorning. Me såg ikkje heilt poenget med å traske opp til rogalands høgaste topp med kun kart/kompass og GPS å gå etter. Så me kapitulerte og reiste heimover. Trist.. Når me kom oss til Bleskestad for å hente den andre bilen, så var det enda tettare tåke der, så det var nok ein klok beslutning.
Litt skuffande var det at veret ikkje var på vår side. Snøen forsvinn fort der oppe nå, så det blir nok ikkje skitur dit i år. Men me planla heller å ta turen til fots når sommaren kjem.
- Bilder fra turen.
Lagt inn i Ski | Skriv ein kommentar »
29. May 2005 @ 16:21 av yalla
Yallaveven har gått gjennom både kosmetiske og tekniske endringar. Har endret utsjånad og byttet fotoalbum. Fotoalbumet fungerer på same måte som før, men fann eit album som var godt integrert med Wordpress, og då vart det til at eg byta.
Eg er på jakt etter ein forum-plugin til Wordpress, men det er ikkje lett å finne ser det ut til. Så eg skal sjå om eg ikkje klarer å få opp det gamle forumet relativt kjapt.
Lagt inn i Generelt | Skriv ein kommentar »
25. May 2005 @ 22:37 av yalla
Clint Eastwood er både regissør og hovudperson i denne dramafilmen fra 2004. Morgan Freeman og Hilary Swank er dei to andre hovudrolle innhavarane. Filmen handler om boksetrener Frankie Dunn (Eastwood), som skal trene opp Maggie Fitzgerald (Swank) til å bli verdas beste bokser. Frankie og Maggie utviklar eit sterkt band, noko filmen speler på.
Me følgjer dei gjennom treningar og kampar, heilt til tittelkampen, der ting ikkje går heilt etter planen. Maggie havnar på sjukehus etter å ha blitt utsatt for ureint spel. Ender opp med at Maggie ber Frankie gjere noko han slettes ikkje vil.
Bra film, som fortjener alle stjernene den har fått på IMDB (8.4/10) . Det som trakk litt ned var at me hadde ein ‘Bali-versjon’ med dårlig bilde og lyd. Samt dårlig engelsk teksting, som sikkert ein ‘Balineser’ har oversatt på kveldstid..
- Million Dollar Baby hjå IMDB.
- Trailers
Lagt inn i Film | Skriv ein kommentar »
24. May 2005 @ 13:06 av yalla
‘Ubuntu‘ is an ancient African word, meaning ‘humanity to others’. Ubuntu also means ‘I am what I am because of who we all are’. The Ubuntu Linux distribution brings the spirit of Ubuntu to the software world. - ubuntulinux.org
Idag gikk eg drastisk til verks på Klodrik, tok backup av det som var noko å ha på, formaterte diskene og innstalerte Ubuntu 5.04 “The Hoary Hedgehog”.
Eg har lenge hatt lyst å gjer eit forsøk i linuxverden, men har aldri tatt skrittet heilt ut. Men idag var det bare å hoppe i det. Gjorde først eit forsøk med Ubuntu sin live-cd, for å sjekke korleis ting fungerte, at den fant alle komponenter og slike ting. Når det såg bra ut så var det bare å innstalere distroen. Sjølve innstalasjonen gikk smertefritt, faktisk mindre brysom enn windowsinnstalasjoner. Svarte på nokre få spørsmål angående språk, tastatur osv. og plutselig var det fullført. Ved første øyekast var det skikkelig så vakkert :) Så spørs det da om eg klarer å lære meg dette her. Kommer nok til å bruke litt ekstra tid på sjølv dei enklaste ting no i byrjinga. Men mange av dei programmene eg har brukt i windows, låg inne ferdig innstalert. Gaim, Firefox, Open-Office etc var klart til bruk..
Terminalserverklient mot RDP låg også klar til bruk, så knipe det forferdelig, og det er ting eg ikkje får til, så kan eg alltids koble meg opp mot terminalserveren på jobben ;-) Faktisk så fungerte det også utmerket mot windowsnettverket her på jobb, det var bare smokk-smokk så var ting på plass når eg skulle hente tilbake backupen eg tok før innstalasjonen.. Det har skjedd mykje siden eg forsøkte meg på ein gammal RedHat distro for mange år siden..
Eg kjem attende med gleder og frustrasjoner når eg har fått prøvd dette her litt meir.. hmmm.. Kva skal eg forresten bruke windowstastene til nå? :)
Lagt inn i Generelt | 10 kommentarer »