Bad Gastein Mars 2005 – eit slags referat

Med på turen:
– Bjarte Marvik Helland
– Mads Drange
– Hans Magne Helland
– Ivan Solbakken
– Tonje Myklebust
– Robert Bergset

Hotell: Hotel Eden

Me valte som tidligare å reise til Bad Gastein. Og plassen skuffa ikkje i år heller. Det snødde ganske godt frå me kom og til onsdagen. Dette førte til drømmeforhold utanfor løypene. Og som tidligare år var det veldig god plass å boltre seg på.. I alle fall viss du kjem deg ut av dei preppa løypene.

Me valte Ã¥ prøve litt andre løypevalg enn H1 som me for det meste har leika oss i før. Me fant fram til mange spennande sider, alle med urørt snø. Eg fekk ein â€?aha-opplevingâ€? i pudderet nÃ¥r eg mÃ¥tte bytte ut mine salomon 1080 pga møte med steinhard stein 😉 Med dei nye planka; Völkl Gotama blei pudderkjøringa om mulig enda betre..

I år var skikjøringa meir i fokus enn seine nattestimer. Og me var alle samla rundt frukostbordet seinast klokka 08:00 kvar morgon. Slik fekk me utnytta pudderdagane til det fulle.

Afterskien var bra i år, dog ikkje av same kaliber som i fjor. Legg eindel av skylda på bandet som spilte, klarte ikkje å skape same stemning som tidligare band. Men klientellet var vel av den meir rolige sorten det og, og det var færre folk der.. Ifølge noen av guidane blei det mindre og mindre ungdommar i Gasteinerdalen.. Forstå det den som kan..

Sjølvsagt fekk me også dynka oss i radon, ein kveld i varmt radonvatn gjer underverker for stive og støle nordbaggar.. Felsenbad hadde også bygd ut litt, slik at det var meir boltreplass, sklier og slike ting..

The Movie 2005 kjem nok til å sette den gamle i skygga. I år er det pudder og klippehopping som står i fokus. 2 timar råmaterialet er spilt inn, så spørs det kva regissør Ivan klarer å tyne ut av det.

Rasfare blei det og utover veka, dette førte til noko roligare løypeval, og ein del skogskjøring torsdag og fredag. Me blei vitne til to relativt store skred på nært hold i løpet av veka.. Ingen folk i nokon av dei. Og det er eg glad for, for du hadde nok slete hadde du hamna midt i eit av dei.. Ein del tonn som sklei ut for å sei det slik..

Ein av årets planer var North Abfarth, ei veldig lang og uberørt løype med start frå Sportgastein. Men til alles store fortviling var Sportgastein stengt heile veka, opna på lordagen når me reiste.. Og gjett om det då hadde vert drømmerforhold der.. Meteren nysnø.. Så det beste hadde nok vert og blitt igjen og fått boltra seg nokon dagar i Sportgastein..

Alt i alt ein triveleg tur. Gjengen er alt innstilt på ny tur neste år. Då vil det mest sannsynleg bli nye reisemål. Canada eller USA er planen. Da blir det og litt lengre enn ei veke. Så alle som ynskjer seg ein fantastisk skiferie neste år, får hive seg med.

Filmen har enda ikkje fÃ¥tt nokon releasedato, men forhÃ¥pentlegvis tek det ikkje eit Ã¥r før den er klar denne gang. Ventar og spent pÃ¥ nokre bilete frÃ¥ ein svensk fotograf, som tok bilete av nokre drop/hopp. Alt vil publisert her pÃ¥ veven nÃ¥r tida er inne.. 😉

Posted in Ski

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *