Kategorier
Ski

Gullingen skisenter!

Gullingen logoIdag var me noko seint oppe, så det blei Gullingen, ein gammal slager. Det er her me er oppvaksne, surfane nedover Gullingen sine fjellsider. Må sei det var greit å vere tilbake, ikkje direkte optimale snøforhold, men det dugde.

Bjarte fekk testa ut «puddeplankane», heime-mekka ski som er omtrent 23cm på midten. Det var jo ikkje direkte gode forhold for desse skia, men det såg ut til å fungere sånn nokonlunde OK 😉 Eg fekk diverre ikkje testa nyvinninga sidan skoa mine var litt for store.. Men det må me fikse slik at eg får prøvd dei i sitt rette element; 1 meter fjørlett pudder.

Nå er det straks tilbake til Paradis! Adios!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *