Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Del 3 – "Ekko Radio FM100.5" – Reisgil

Jegrar:
Hans Magne Helland
Ingve Berge
Kjetil Helland

Eg og Ingve starta turen fra Tau ca klokka etter jobb. Kjetil hadde reist til Sand tidligare på dagen. Etter litt lynpakking (godt hjulpet av pakklista i forumet), så var me klare til avgang. Turen gikk med bil til Rød. Me gikk i fra Rød ca 18:15. Og var oppe med båten sånn ca 19:00. Vêret var aldeles strålande, vatnet var blikkstille. Fekk svev på båten etter kun få drag i snora. Skipper Berge loste oss trygt over vatnet i skumringa. Matrosen Kjetil tok imot for den verste støyten ved ilandstiginga medan speider Yalla knytta båten forsvarleg fast i ei bjørk. Me traska siste stykket opp til hytta medan mørket seig på.

Vel oppe på hytta slafsa me i oss noko grovbrød med sirup, 0.5l øl, og ein liten pris. Kjetil fiska fram ein solid radio fra sekken. Den stillte me inn på tidenes beste radiokanal Ekko Radio. Her var det schlägermusikk på rekke og rad. Fantastisk livlige radioverter (Alf og Tingeling). Me fekk ønskelåten vår og lest opp fleire helsingar utover kvelden. Ingve bålfyrte noko sinnsvakt utover kvelden, var redd for at det skulle bli kaldt iløpet av natta. Så før me kraup til køys fyllte han ovnen til randen med ved. Med det resultat at gutta (ikkje meg) låg vakna og svetta heile natta.. Dei hadde vel ikkje vet til å opne vindu eller dør 😉 Eg tytte det var like greit og sove, sjølv om det var badstu til langt utpå morgenkvisten.

Lordagen var me oppe før fuglane sovna, eller iallefall nesten. 0800+ var me klare til avgang, og satte snuten mot Skarsheia. Vêret var fantastisk, ikkje ei sky på himmelen. Ingve var like pessimistisk som vanleg 😉 Me hadde me oss det allermeste me kunne komme til å trenge for ei natt ute i det fri. Noko som skulle vise seg å vere ytterst unødvendig. Fugleliv var det særs lite av. Faktisk ikkje ei einaste ljupa å sjå heile dagen. Ifølge GPS-en gikk me og vasa rundt 2 mil, utan å sjå annet enn tre daue ryper (oppetne av større dyr), noen spurv og litt trast. Lunsjen nøyt me i fantastiske omgivelser ved utsiden av Nilsabu. Så smaug me oss rundt omkring på heia i ytterligere nokre timar. Utan antydning til fugl. Dei har vel rett dei som seier det er ei såkalla «skit-hei». Ein må ha regn og skit-vêr for å finna fugl der oppe. Etter alle desse timane uten fugl, nøyt me så siste rest av nista like ved Hiimsvarden. Mot slutten av dagen, traska me mot kjende stiar (Poncho-natt-steinen). Sterke følelsar vart satt i sving 😉 Me foreviga steinen, og området rundt med digitalkamera og sjølvsagt måtte me prøvesitta steinen eingang til. Merka steinen av som katastrofeområdet på GPSen. Før me satte snuten mot hytta. Det blei mørkt før me kom oss ned. Dagen hadde vert fantastisk fin. Så ein kan vel diskutera kva som er det beste, strålande sol og ingen fugl eller skit-vêr og litt fugl 🙂

Kvelden gikk i pjitt-pjatt, Ekko Radio, noen kalde og litt jaktkaffi. Det var ein litt amputert kveld på Ekko Radio sidan «heile trøsjeverket var tatt av virus, og sendt til Oslo for desifisering». Me fikk likevel igjennom ein ønskelåt som han tilfeldigvis hadde liggande på CD 🙂 Ingve roa seg litt ned med fyringa utover kvelden. Så denne natta var noko meir behageleg enn den første.

Søndagen var me noko seinare oppe. Klokka blei vel rundt 09-0930 før alle var oppe. Kjetil tok ein liten sveip mot heia, medan eg og Ingve kappa litt ved, og etablerte Reisgil-varden. Eit fantastisk stykke ingeniørkunst, som kjem til å stå i århundrer. Etter bygginga var over, tok me og ein liten sveip etter storfugl. Utan å sjå eit levande kryp.

Alt i alt ei strålande helg, überschönt vêr og Ekko Radio. Det einaste som ikkje var så bra, var jo at det ikkje fantes fugl på fjellet. Men no har me fått høyra frå hemmelege kjelder kor fuglane er. Så neste jakt-tur ender kanskje der? 🙂 Lurer du på kor det er? Då får du bare vente til Del 4 av jakta 2004!

Og snipp snapp snute, så var del 3 ute 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *