// Yallaveven //

Versjon 6.2

Del 4 - Bekkevandring Reisgil

21. October 2004 @ 23:22 av yalla

Jegrar:
Hans Magne Helland
Ingve Berge

Då var me trygt heime frå vår tredje tur til Reisgil. Vergudane var voldsomme denne helga. Me starta turen noko for seint fra Sand. Ca 19:00 var me klare til å gå fra Rød, og da var det allereie bek-mørkt. Eg stroppa hodelykta til hode, så la me iveg. Me gjekk stort sett i ein einaste store bekk oppover til Ullsvatnet. Mine gode gamle militærstøvlar takla ikkje det på ein veldig super måte, så beina blei blaute og gode. Turen opp til vatnet tok litt lenger tid enn normalt, sidan hodelykta med kun dioder, ikkje direkte lyser opp heile skogen.. Men rundt 20:00 var skipet sjøsatt og maskineriet igang.
Turen over vatn tok iallefall lengre tid enn normalt. Maskineriet på skipet har 3 innstillingar; “Sakte”, “veldig sakte” og “så sakte at det nesten går bakover”. Me måtte faktisk kjøre i siste innstilling, fordi det var veldig bek-svart utpå der. Heldigvis var andre enden av vatnet der den alltid har vore, så omsider kom me oss over. Sidan det vart så mørkt, og me skulle bære ved fra Ullsbu og opp til Reisgilhytta, så blei me buande på Ullsbu denne natta. Gidda ikkje klatre med ørti-førti kilo ved og annet i sekken utan å sjå kor me satte beina. Det blei ei god natt på Ullsbu, der Ingve gikk på noen smeller i Ludo. I det veldig morsomme brettspillet, Gåsen, blei det ein jevn batalje..

Lordagsmorning var me oppe før det blei lyst, pakka så mykje ved det var mulig å få plass til og la iveg det siste stykket til hytta. Den bakken var ganske heavy å traske med all veden på ryggen. Me såg to ryper på vei opp til hytta, og vart med eit veldig optimistiske med tanke på resten av dagen (neste gang skal ikkje hagla henge på ryggen frå Ullsvatnet til hytta). Trødde i oss litt grovbrød på hytta, pakka ut av den eine sekken og oppi den andre før me satte igang oppstigninga til heia med glade og lette tråkk.

På toppen av første brattstigninga skimta me ein stor fugl i det fjerne, og smila vart enda breiare enn dei var. Tåka låg tjukk over fjellet, men med GPS og kart i lommen traska me rett inn i den usikre kvite massen. Denne helga hadde an ikkje spart på noko han som styrer vêr og vind. Svære regndråpar og kraftige kast i vinden. Men jakta, det sko me likevel. Iløpet av timane oppå fjellet såg eg ein fugl, og den ligger fint begravet i guds frie natur, trur ikkje den hadde vert direkte god i steikepanna.. For fuglekjennere så ser dei vel på bildet kva det er for noko. Den såg veldig fin ut, men er ikkje noko direkte ettertrakta fugl :-) Nå er det like før me erklærer Skarsheia for utrydda området. Ingve meinte han såg ei rype i det fjerne, men med all skodda som var, kunne det like godt ha vert ein kinesisk vingebjørn han såg..

Lordagskvelden trødde me i oss ekte villmannskost, joika-kaker og potetmos. Herligt. Me venta i spenning på at Ekko Radio skulle starte god-sendinga klokka 23:00. Og me sprang til nærmaste haug for å få god nok dekning til å sende våre sms-er med ønskelåter.. Etter mang ein tur ut i våte og kalde natta, barbeint og forfrøsen, så opplysten radioverten om at “Noen hadde snublet i ledningen til SMS-en, så dei fekk dessverre ikkje lest opp fleire”. Skuffelsen var total, og me la oss til å sove etter ein skarp liten jegervenn i koppen.

Søndagen var me seint oppe. Idag var planen å ta rypene me såg nedforbi hytta igår.. Men dei var sjølvsagt fordufta for alle vindar.. Viss det er nokre jegrar som slit me for mykje fugl på heia dei jaktar.. Så er det ingen problem å jage nokon av dei til Skarsheia. Der får dei enorm tumleplass og lite eller ingen kamp om maten.

Snipp snapp snute så var atter ei fugleløs jakt ute.

Lagt inn i Jakt, fiske og friluftsliv | Skriv ein kommentar »

Del 3 - “Ekko Radio FM100.5″ - Reisgil

8. October 2004 @ 23:19 av yalla

Jegrar:
Hans Magne Helland
Ingve Berge
Kjetil Helland

Eg og Ingve starta turen fra Tau ca klokka etter jobb. Kjetil hadde reist til Sand tidligare på dagen. Etter litt lynpakking (godt hjulpet av pakklista i forumet), så var me klare til avgang. Turen gikk med bil til Rød. Me gikk i fra Rød ca 18:15. Og var oppe med båten sånn ca 19:00. Vêret var aldeles strålande, vatnet var blikkstille. Fekk svev på båten etter kun få drag i snora. Skipper Berge loste oss trygt over vatnet i skumringa. Matrosen Kjetil tok imot for den verste støyten ved ilandstiginga medan speider Yalla knytta båten forsvarleg fast i ei bjørk. Me traska siste stykket opp til hytta medan mørket seig på.

Vel oppe på hytta slafsa me i oss noko grovbrød med sirup, 0.5l øl, og ein liten pris. Kjetil fiska fram ein solid radio fra sekken. Den stillte me inn på tidenes beste radiokanal Ekko Radio. Her var det schlägermusikk på rekke og rad. Fantastisk livlige radioverter (Alf og Tingeling). Me fekk ønskelåten vår og lest opp fleire helsingar utover kvelden. Ingve bålfyrte noko sinnsvakt utover kvelden, var redd for at det skulle bli kaldt iløpet av natta. Så før me kraup til køys fyllte han ovnen til randen med ved. Med det resultat at gutta (ikkje meg) låg vakna og svetta heile natta.. Dei hadde vel ikkje vet til å opne vindu eller dør ;-) Eg tytte det var like greit og sove, sjølv om det var badstu til langt utpå morgenkvisten.

Lordagen var me oppe før fuglane sovna, eller iallefall nesten. 0800+ var me klare til avgang, og satte snuten mot Skarsheia. Vêret var fantastisk, ikkje ei sky på himmelen. Ingve var like pessimistisk som vanleg ;-) Me hadde me oss det allermeste me kunne komme til å trenge for ei natt ute i det fri. Noko som skulle vise seg å vere ytterst unødvendig. Fugleliv var det særs lite av. Faktisk ikkje ei einaste ljupa å sjå heile dagen. Ifølge GPS-en gikk me og vasa rundt 2 mil, utan å sjå annet enn tre daue ryper (oppetne av større dyr), noen spurv og litt trast. Lunsjen nøyt me i fantastiske omgivelser ved utsiden av Nilsabu. Så smaug me oss rundt omkring på heia i ytterligere nokre timar. Utan antydning til fugl. Dei har vel rett dei som seier det er ei såkalla “skit-hei”. Ein må ha regn og skit-vêr for å finna fugl der oppe. Etter alle desse timane uten fugl, nøyt me så siste rest av nista like ved Hiimsvarden. Mot slutten av dagen, traska me mot kjende stiar (Poncho-natt-steinen). Sterke følelsar vart satt i sving ;-) Me foreviga steinen, og området rundt med digitalkamera og sjølvsagt måtte me prøvesitta steinen eingang til. Merka steinen av som katastrofeområdet på GPSen. Før me satte snuten mot hytta. Det blei mørkt før me kom oss ned. Dagen hadde vert fantastisk fin. Så ein kan vel diskutera kva som er det beste, strålande sol og ingen fugl eller skit-vêr og litt fugl :-)

Kvelden gikk i pjitt-pjatt, Ekko Radio, noen kalde og litt jaktkaffi. Det var ein litt amputert kveld på Ekko Radio sidan “heile trøsjeverket var tatt av virus, og sendt til Oslo for desifisering”. Me fikk likevel igjennom ein ønskelåt som han tilfeldigvis hadde liggande på CD :-) Ingve roa seg litt ned med fyringa utover kvelden. Så denne natta var noko meir behageleg enn den første.

Søndagen var me noko seinare oppe. Klokka blei vel rundt 09-0930 før alle var oppe. Kjetil tok ein liten sveip mot heia, medan eg og Ingve kappa litt ved, og etablerte Reisgil-varden. Eit fantastisk stykke ingeniørkunst, som kjem til å stå i århundrer. Etter bygginga var over, tok me og ein liten sveip etter storfugl. Utan å sjå eit levande kryp.

Alt i alt ei strålande helg, überschönt vêr og Ekko Radio. Det einaste som ikkje var så bra, var jo at det ikkje fantes fugl på fjellet. Men no har me fått høyra frå hemmelege kjelder kor fuglane er. Så neste jakt-tur ender kanskje der? :-) Lurer du på kor det er? Då får du bare vente til Del 4 av jakta 2004!

Og snipp snapp snute, så var del 3 ute :-)

Lagt inn i Jakt, fiske og friluftsliv | Skriv ein kommentar »