Del 1 – "Poncho Natt" – Reskjell – Jakta 2004

Jegrar:
Hans Magne Helland
Ingve Berge
Kjetil Helland

Då var første tur over. Blei lite fugl, men masse andre opplevingar 🙂 Det var vel tidenes «rusje-ver» på Skarsheia denne helga.. Me såg totalt 7 ryper. Eg personleg så ei.. Og den var langt-langt-langt vekke.. Så me satser på meir fugle-lukka på neste tur.

Lordagen starta med greit ver, og me var ute på farten klokka 07:00. Me traff på Ivan og ein kompis oppå fjellet ca 10:00. Så då fyrte me opp primusen og åt ein fortreffeleg middag i uværet som då var komt. Etter middagen var Ingve våt nok, og bestemte seg for å traske til hytta for å tørke/bytte klær. Eg og Kjetil tok ein liten sveip til over heia, før me og gikk nedom hytta for å få litt tørre kler etc.

Mens Kjetil og Ingve tok seg ein lur, las eg ei bok; «Galgen i Durango». Når guttane vakna til liv kledde me oss og tok fatt på ein ny tur.. Eg fikk ein fugl med eingang me kom oppå fjellet.. Og då blei gutane ivrige.. 🙂 Me fulgte etter nokre ryper som Kjetil meinte han hadde sett.. Og plutselig var det på tide å snu.. Me labba himover (i rett retning). Iløpet av ein ti minutters tid, var det knøtt umulig å sjå ein skit pga graut-tjukk tåka.. Og me mista noko stedsans.. Me gambla på at me fortsatt gikk i rett retning. Og traska forsiktig vidare. Men plutselig var det ingen som kjente seg igjen 🙂 Det regna kattar og blåste liten orkan 😉 Me prøvde å vente til tåka letta.. Men så kom mørket, mørke og tåke var heller ingen god kombinasjon. Så til slutt blei konklusjonen at me skulle vente på litt lys og sikt.. Så da satt me oss ned og koste oss i ly for vinden.. Regnet var jo fortsatt tilstede!

Den nyinnkjøpte Ponchoen kom til sin rett 🙂 Me trødde alle tre inn i den, satte oss ned og pjatta.. Med jevne mellomrom måtte me ut og få litt blodomløp i diverse organ. Når klokka nerma seg 06:00 begynte me å sjå litt og kjenne oss igjen.. Så da satte me snuten mot hytta. Relativt våte og kalde. Klokka 07:00 var me i soveposen på hytta.. Det var varmt og godt 🙂 Det blei av ein eller annen grunn ikkje jakting på Søndagen!

Neste tur så blir det kanskje ein GPS i lommen.. Og kanskje ikkje la kart og kompass ligge igjen på hytta heller 😉

Og snipp snapp snute så var ei opplevelsesrik helg ute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *